torsdag, desember 15, 2011

15. desember

Beklager sein blogging, men denne dagen har gått i eit! Men bedre seint enn aldri..? :)
Dessuten starta dagen superkjipt, då eg ikkje fekk tak i billettar til Pearl Jam i spektrum. Eg sat klar før salget starta, men det var berre opptatt og kø på nettet, og når ej til slutt kom igjennom var det utsolgt. BUU!! Så skuffa har eg ikkje vore på lenge!!
Så eg har ikkje hatt så mykje blogginspo, for å ver ærleg har eg rett og slett vore litt lei heile bloggen i dag. Litt umotivert der altså. Men eg prøvar! Så her kjem ei aldri så lita liste.

Ting eg elskar heime:
av ting vil eg sei rommet mitt og dei fine blondegardinene mine, men heime generelt elskar eg at kvar morgen når eg vaknar ligg det ein hund som blir glad for å sjå meg på teppet.

Eg syns eg er finast når:
eg har håret opp, med fine augevipper og smilehol.

Eg grin når:
eg er trist, høyrer ein song som svir i hjertet, eller ser siste 20 minutta på Extreme Makeover home edition. Egentlig til det meste.

Ønsker at eg kunne gjere om igjen:
tatt fleire sjansar, hatt meir mot og ikkje våre like bekymra for små ting. Alt ordnar seg, uansett! Ikkje latt livet fått tatt styringa så mykje, men helder ta styring sjølv.

Photobucket

Favorittplass:
det finaste eg kan kome på no, var i Nice då eg spiste kokosis på et torg. Ellers kan eg kanskje sei alle plassar eg er i lag med Birte, for med ho har eg det alltid fint. Så har eg lyst å sitte på ei strand i California med saltvatn og vind i håret, sjå på solnedgongen å vere lykkelig.

Kan ikkje leve uten:
Jackie, eit strikketøy, mango-isté, ein god klem og musikk.

Er hemmelig forelska i:
Sheldon Cooper.

Drøymer om:
åpne kafé, reise til Svalbard og Kina, vere vektlaus i verdensrommet, oppleve verda, vinne i lotto, og veldig mykje egentlig.

Photobucket

Eg trives best:
med mjøl på gensaren og muffinsar i ovnen. Og når eg føler meg fin.

Saknar:
alle bestevennane mine i Oslo og Japan, når livet var litt meir bekymringslaust, sommaren og lyse netter.

Trur at eg hadde hatt det morsomt:
på båttur med Jarle Andhøy.

Flirar av:
folk som heilt utan forvarsel skrik ut "WOOOOHO" når nokon forteller kva dei gjer eller skal gjer, Modern Family, Friends, Jackie og Birte når ho fortel ei historie.

Photobucket

Når ingen andre ser:
dansar eg på ein bra dag, og gret på ein dårleg dag.

Ønsker om å:
å berre plutseleg ha masse pengar på konto, bestille ein flybillett til neste dag og reise langt vekk. Og å bli frisk.

Ord eg bruker ofte:
LOL.

Film eg kan utenat:
Titanic, Love Actually, The Holiday og Die Hard 4. I have my moments.

Elskar:
når det eg bakar blir heilt perfekt, når folk blir glad for noko eg har laga til dei, når Jackie spring superfort ute, når nokon smilar fint til meg, og fregner.

Photobucket

PS: Akkurat no er mi kjære syster Sigrid veldig lei og høggravid, så no må alle kommentere noko fint og oppmuntrande til henne. Eg er glad i deg, supersigg. :)

3 kommentarer:

tante sa...

Du er også superflink til å selge! Du veit; månedens ansatt ;)

Birte sa...

Oppleve lett California draumen me dej! :)

Til Sigg: YOU GO GIRL!

Mary sa...

Sigrid er best <3