laurdag, oktober 24, 2009

Sometimes

i need somebody who can make me feel allright.



(Av og til saknar eg dokke alle saman så mykje at eg vert trist og lei.)

torsdag, oktober 22, 2009

Hallo mus!

No er klokka halv tolv på førmiddagen, og eg sit på sofaen og høyrer musikk. Eg skal på eit seminar kl to og rett på seinvakt etterpå. Så er det siste vakta i mårga for denne praksisperioda, jippi!
Sidan sist oppdatering har eg gjort ferdig kjellarstua, levert inn ei oppgåve og fått ei anna godkjendt, vore på fire konsertar under Hareidsstemna, hatt innflytningsfest i min mykje omtala penthouse basement, låge på bakken ute med dunjakke og tatt bilete av stjernene, spist pepparkake, sitte barnevakt og vore på VIP shopping på Cubus. Sistnemnte gjekk føre seg i går kveld. Dei ansette fekk dele ut invitasjonar, og eg fekk ein med Sigrid. Det betydde 50 % på heile butikken. Eg kjøpte eit skjørt, ein kjole, ei skjorte, ei pysjbukse, eit skjerf og to par ullsokkar. :D

Ellers kan eg meddele at eg har vore heime åleine dei siste to dagane, og eg har kjeda meg. Heldigvis er Sigrid og Eliah også heime åleine, så vi har laga middag til kvarandre og spist sjokoladekake.

Anbefalar forresten New Moon soundtracket på Spotify!! Eg får gåsehud når eg tenker på filmen. Gler meg slik eg klarar nesten ikkje å vente! Både Death Cab, Bon Iver, OK go, Muse og Lykke Li er med på soundtracket!!

No skal eg og Jackie ut i sola. Ha ein kjekke dag der du er! :)










Og om du ikkje skjønar overskrifta:

laurdag, oktober 10, 2009

Laurdag

Eit lite laurdagstips til deg: Erik Hassle, min nye favorittsvenske.
Blir ekstra glad av denne songen. Passeleg på ein laurdagskveld når du ikkje kan gjer so mykje kjekt fordi du har vore på jobb og skal tidlig opp på jobb på søndag og likevel er glad i hjertet og har ei snill mor som lagar god kvelds og høyrer på fin musikk og kan sjå ein kjekke film. Hela världen är så underbar.



(Sjekk ut meir av Hassle på youtube!)

måndag, oktober 05, 2009

Verda.

Eg har tenkt litt på dette. At mi verd ikkje er same so di verd. Eg jobba jo for tida med eldre menneske, og det starta då det var ei dame som var heilt forbausa over at eg hadde vore i England. For meg er jo ikkje dette så stort. I mi verd er ikkje England langt borte. Eg kan når som helst sette meg på eit fly til eit anna land i ein annan verdsdel.
I mi verd kan eg sjå eit hus og tenke på kven som kan bu der, kva liv den personen lev. Og etterkvart som eg vert kjende med nye menneske, bur kanskje nokre av dei i hus eg har alle tider visst om. Og kanskje har dei slettes ikkje levd slike liv eg har dikta opp. I di verd ser du kanskje same huset uten å tenke noko over det. I di verd har du dikta opp andre liv og hendingar.

Eg vert av og til overvelda av å tenke på verda. På jordkloda. At den steinen Jackie alltid tek med inn er ein liten bit av jordkloda. At den månen eg kikar på er den same månen som Edward Cullen står under. Og at månen er den same månen du ser, kvar enn du er i verda.

Huff. Dette vart innvikla på ein mandags kveld.

Men livet er vel innvikla det, ein skal ikkje ha ei forklaring på alt. Livet i seg sjølv er ikkje alltid like kjekt, men du har berre denne sjansen på å leve det. Du får ikkje eit nytt forsøk. Av og til er det tungt å stå opp om morgonen, av og til har du berre lyst å legge deg og aldri meir stå opp. Du MÅ kjempe litt skal du kome deg gjennom ser du. Du MÅ klare å stable deg opp på beina igjen om du har snubla litt. Sjølv om det er vanskeleg å tenke på då, så er det jo nokon som treng deg. Nokon som har veldig lyst at du skal vere der.
Birte spurte meg her ein dag kva som var det viktigaste i livet mitt akkurat no. Det var overraskande vanskelig å svare sann med ein gong. Men med litt betenkningstid har eg eit svar. Det viktigaste i livet mitt akkurat no er å vere der for Eliah og Celina, og for andre og eigentlig. Om andre har veldig lyst at eg skal vere til, skal eg vere til. Og fortelje venar og familie at eg er glad i dei. Også er det jo ganske viktig for meg å stå på eksamenane til jul, og kome meg gjennom semesteret. Men det er kjedeligare å tenke på.

Kva er det viktigaste i livet ditt akkurat no?