måndag, mars 19, 2012

Walking is easy when the road is flat

Photobucket

Altså, eg håper dokke forstår at denne jenta har ei fri sjel og tusen tankar og eit drøymande hjerte. Og når ein er superkaptein over livet sitt, så valgte eg å legge bloggen nederst i kista litt. Men no kjenner eg at eg kanskje kan leike meg litt her inne igjen. Høyres det bra ut, fans? Men plutseleg kan det kome ein vind som fører meg ut ifrå bloggverda igjen. Eg er nemlig litt lei av dette livet vi skal leve på internett. Folk som tek facebook altfor seriøst (det er berre ei nettside altså), og skriv slik at ein skal tenke "ho der altso, ho lev glansbildet", at folk kontrollerar litt for mykje korleis folk skal oppfatte dei. Og tenk at det har blitt slik at når ein er på konsert, eller på fest eller på stranda eller berre opplevar noko som får deg til å smile, ja då er det om og gjere å legge det ut på facebook ASAP! I staden for å nyte øyeblikket når det skjer, så viser ein det fram til andre for å få cred. Jaja, eg veit at eg kanskje overdriv, men eg trur at folk ofte har lett for å gløyme at livet er det som skjer når ein slår av datamaskina og lyftar blikket vekk i frå tastaturet. Det er ikkje så viktig at eg får vite at du er trøtt og har lite lyst på jobb om morgonen, og det er heller ikkje så vesentlig for meg å sjå bildet du legg ut av snøklokkene på marka di. For eg har dei på marka mi eg også, og eg blir glad av dette vesle vårteiknet og smilar for meg sjølv. Men det er jo ikkje så viktig for deg å vite? Fokuser helder på livet under stjernehimmelen, og ikkje så mykje på kven som likar eller kommenterer at du ønsker alle vennane dine ei fin arbeidsveke. ;) Nok om det!

Fyrst av alt, det er vår. Eg kjenner det i hjertet, eg kjenner det på smilet, eg kjenner det heilt ut i fingrane! I går begynte det til å med å snøve, uten at eg tok på vei av den grunn. For det er vår. Eg har kjent det. Kjent den tørre asfalten under converseskona mine, og den milde vinden på ein kveld som vert lysare og lysare. Så for helder veret gi meg fingeren, for eg veit bedre enn å la meg vippe av pinnen av den grunn. Det er snart april! Tenk på det. Eg syns i allefall det er godt å tenke på. Og det er ekstra deilig når forma er bra, og alt eg drømte om for to år sidan, ja dei skjer no altså. Det er nesten så eg ikkje tør å tru på det. Alt ordnar seg. Alltid! Om det tek ein dag, ein månad, eller to år. Berre vent!

No må du gjere ein ting. Sett på Runaway Baby av Bruno Mars på full styrke, berre gjer det. Og dans deg ut i gangen, ta på deg skona og hopp deg ut på veien og sjå opp. Sjå opp på skyene eller sola eller stjernene eller månen. For det er ingenting mellom deg og universet. Ikkje facebook eingong. Aaayeah!

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket