måndag, mai 21, 2007

Situasjonsrapport.

Ja, eg veit at det er ei heil stund sidan eg oppdaterte her sist. No har eg motteke kommentarar med negative undertonar angåande bloggen min, så no er det vel på tide med eit aldri så lite livsteikn frå Hareid. Men eg skammar meg ikkje over å innrømme at facebook har teke litt overhand med meg. What's a girl to do?

No sit eg i sofaen med badehår, mens mora mi sit ved sida av meg og ser på Die Hard (favorittfilmen). Bruce Willis i bar overkropp i 2 timar mens han skyt bad guys. Gale. Men i staden for å greie ut meir, gir eg helder korte referat frå dagen min.

* i dag har eg hatt på meg sommarkjole og converseskona eg ikkje får lov å gå med for mamma fordi dei er so sletne
* eg har råna knallert
* hatt min fyrste samtale med Eliah, og den gikk slik:
Eliah: Anna!
Ej: tante.
Eliah: ja.
* spist pølse med brød til middag, eller hot dogs som Randi seier det heiter
* bada i utendørs massasjebad
* hatt allergiske aue
* våre på spasertur
* våre kjempetrøtte

Ellers kan eg gi ei kort gjengiving av nasjonaldagen:
* stod opp og tok på bunaden og var klar til tog kl 12
* bar dusken til fana til Hareid kfuk/kfum saman med Jorunn
* ropte: K hurra F hurra U hurra K hurra KFUK hurra hurra hurra
* spiste pølse og brød på bedehuset, tradisjonen tru, etterfulgt av soft-is på mixen
* såg på leikane på stadion, og fekk karameller med russen i fantetoget
* var i selskap til Eliah som vart 1 år
* var på folkefest i Hareidhallen, avslutta med polynese og folkemusikk, tradisjonen tru
* hong med Karoline, Magnus og Fredrik og spiste kebab i russebil, etterfulgt av råning

Andre stikkord:
* sommarluft
* regn
* fortruligheit
* milkshake
* lyse kveldar
* kokos-youghurt
* ny bikini

Ymse bilete:

sjå bestisane :)



















Eliah og den lisje muldvarpen.



















Dokke huska den vel frå barne-tv??















Dette har Eliah med seg til dagtanta. Sjekk matboksa med tom og jerry kjeks. :)




















Dei beste i værda:



















Gliset:















Chicksa på 17. mai:

søndag, mai 06, 2007

Til alle som saknar denne karen:



Eg er vel ikkje den einaste som har sakna oppdatering frå godaste Anders Landsverk.
Her er ein link til ein av dei andre som er med på turen:



http://itspiller.blogspot.com/

fredag, mai 04, 2007

LOL!!

Gud, kor kjekt oss hadde det!

Laurdags morgen vart eg vekt av at telefonen min ringte. Det var Karianne, som eg trudde var heime i Sarpsborg, for då brukar ho å ringe meg i tide og utide. Eg lata som om eg sov vidare, og skrudde av lyden. Omlag to sekund etter, banka det på vinduet mitt. Då eg har rom ved inngangsdøra, er eg van med at folk bankar på vinduet, og eg var sikker på det var Sigrid og Eliah som kom. Eg røyste meg opp i senga og kjika ut gjennom persienna, og her ser eg ingen andre enn Karianne Aarmo, 20 år frå Sarpsborg. Eg trudde fyrst eg såg feil, men heldigvis var det sant: ho hadde komt på overraskelsesbesøk heilt til Hareid med nattbussen. HURRA! :D
Eg vart kjempeglad i hjertet mitt, og var brått lys våken.
I 4 dagar naut ho livet på Hareid, som eit herleg avbrekk frå travle Oslo og skule og eksamen og alt. Og vi kosa oss med fint ver, råning, russedåp, kake, filmar, LAN, facebook og diverse spel. I staden for å greie ut meir, lar eg bilda tale for seg!
Tusen takk for besøket, Karianne mi.





















Karianne øvar seg til å bli mamma om 7 månar.




















Marengskake med krem, kiwi, banan, drue og daim..mmmm...






























Frokost..:P