torsdag, april 30, 2009

Hello Oslo



Sitter for øyeblikket i stua og ser på MTV. I OSLO! Jippi!
Har nettopp vore og drukke kaffi med Andrea på aker brygge. Ventar på at Maria/Vegard/Arne/Karianne skal kome heim frå skule/jobb! Sola skin som berre juling, og eg begynner å tenke på at eg kanskje har pakka med meg for varme klær. JAJA.
Ellers so er det 1. mai i morgon, so då skal vi spise is og sjå på dei som går i tog. Haha. På laurdag skal vi på Josè Gonzalez konsert på Cosmopolite, det trur eg vert kjempeKOS.
Ha ei god helg everyone! :)


onsdag, april 29, 2009

Oppmuntring i kvardagen.

Eg er stor fan av lister. I dag har eg laga diverse lister, og funne ut at eg treng ei korketavle til å henge opp slikt på. Det vil med andre ord seie eg må på oppdagelsesferd i kjellaren og sjå kva eg kan finne.
Ei av listene eg laga meg i dag, er ei oppmuntringsliste som eg skal henge over senga mi. Alle veit at det ikkje kvar dag ein har like lyst til å stå opp.
Denne bør hjelpe litt. (Trykk på bildet for å sjå det stort!)

måndag, april 27, 2009

Sol og minner!

Då eg var lita, brukte eg og Jorunn og gå på tur opp i "borga", som ligg oppe ved skogen på fjellet bak husa. Det er eigentleg ein forlatt sommarfjøs.
Det er monge år sidan eg har vore der, så i dag gjekk turen dit.
Det var for det meste slik eg huska det. :)
Jackie hoppa og spratt oppover, tryna litt, eg trakka i ei elv, og vi måtte klatre over gjerde og steingard.
Strålande sol og DRITvarmt ute!!







Takk for deg.

I to veker har "lisjesysta", Birte, bodd (budd? budt? bodt? whatever) her med oss. Grunnen er at tante og onkel har vore eit par veker i Japan, så frøkena har trengt en plass å bo.
Det har vore veldig KOSLI å ha deg her, bøørt! Du lyser opp kvardagen som sola ein overskya dag.
Du lika sol du?!
Kjempegla i deg! :)


torsdag, april 23, 2009

Ønskeliste!

Denne t-skjorta står øverst på mi ønskeliste om dagen!
Eg MÅ få tak i den!
Har den kun i barnestr. på ebay.. Satsar på eg (eller du?) kjem over den ein gong i nærmaste framtid! ;)
Den er til og med så tøff at Mr. Obama også har den.
Spice Girls FTW!


tysdag, april 21, 2009

Herlighet

Fri i dag, godt å stå opp til høg musikk! Ellers har dagen våre laber.
No i kveld gjekk eg, Jackie og Birte nedover. Cozy. Kjøpte oss kinderegg og sjokomjelk, og sat på "loket" mens vi såg på ferga. Neida. Vi såg ikkje på ferga, berre observerte ho. Apropos ferga, les HER! Sjølvsagt kræsja, igjen. LOL.
Det er god vår-sommarluft ute no, treng ikkje jakke ein gong. Great news? Eg veit. Haha.
No sitte eg her og ser på Frustrerte, mens Birte sitt og prompar i sofaen. Litteraly.
Hade!







I know exactly how this will end



If i'm going to be
Swept away
It's going to mean
Changes around here
And if it means
That you'll change too
I hope the changes
Are for the better

In a way i know all of
The right words to say
I know exactly how this will end

Called you the other day
And they said you'd gone away
To somewhere far from me
And they said:
Don't you call again, 'cause
We are not your friends
No, you should run away

And if you must
Leave me behind
Won't you please, please, please
Just set me free
'cause you've got me by the horns
You know all the right things to say

søndag, april 19, 2009

Jaja, så hva skal man si?

Eg er heilt opp i øs av det deilige veret det er ute no! Sol og HOT HOT HOT! :D
Det er eit sikkert sommarteikn når det ikkje er mørkt ute når eg går frå jobb kl 22!
Ellers har eg vore på seinvakt i kveld, ei LOL vakt med mykje styr. Måtte berre flire og tenke for eit freakshow eg var midt i. Men eg elskar det. Ja, du las rett, eg ELSKAR jobben på skjerma avdeling! Haha.
No skal eg gå å legge meg. Og lese? Har begynt på fyrste boka igjen. Twilight. Men eg merkar eg hoppar over mange sider, så det var kanskje for tidleg å begynde på nytt same dag som eg var ferdig med siste boka? Eg treng BOKTIPS! :)
Skal på tidlegvakt i morgon, så eg må nok berre finne senga. For eit innlegg. Å HERLIGHET!! God natt!

laurdag, april 18, 2009

Summerlovin del 2

Ein perfekt dag i dag!
Stod opp ganske tidlig, så drog eg, Birte og mamma til Moa ein tur. Eg må spare peng til osloturen, men nokre kupp blei det jo sjølvsagt. :) Då vi kom heim, drog vi fram til tante for å bade i jacuzzien! Mmm. Og onkel hadde bursdag, så det blei kaker og fruktsalat også etterkvart.
I tillegg har det våre strålande sol og blå himmel, og eg har gått berrføtt på marka og bretta opp joggebuksa. Godt å kjenne at sommaren nærmar seg! :)
I det høve, vert dagens soundtrack The Maine - We All Roll Along.



Kjøpte desse to kjole/toppane på Gina Tricot.









We're alive and we drive to the center of it,
where we know we're all fine and this just can't be it.
And in the end we all know we only breathe for so long,
so tonight's the night we all roll along.

Fortsettelse i serien om uventa hendingar som følge av kjøp av kvalp.

I dag: ORM.

Jaja, eg har fått det med meg no, at det er vanleg blant kvalpar. Men vanleg blant kvalpar er ikkje det same som om at min kvalp skal få det. Men det har ho altså fått. Orm. Spoleorm trur eg (etter lett research på google).
Var omtrent i sjokktilstand etter oppdagelsen. Ho var ute i hagen for å gjere frå seg (altså drite), då eg såg det kom ut noko rart. Spagetti? Tråd? Gjekk nærmare for å studere det, og då såg eg at det bevega på seg. Ikkje ein orm, men VELDIG mange. Og VELDIG lange. Og VELDIG kvite. Og VELDIG ekle. Eit syn eg ALDRI kjem til å gløyme. Såg føre meg det ubehagelige synet resten av dagen, og det siste eg såg føre meg før eg sovna.
I dag har eg heldigvis komt over sjokket, og det har heller ikkje komt fleire ormar. Ho er straks ferdig med kur, og det ser ut til at ho vert kvitt dei ekle skapningane nokså kjapt.

(Bildet er tatt frå Google si altfor detaljerte bildeside.)

onsdag, april 15, 2009

Når dagen er LOL :(

Nokre dagar kunna du bura deg inne på rommet med høg musikk på anlegget. Du føler at ingenting går din veg, og alt skal skje på ein gong. Du rekk ikkje noko av det du har lyst å gjere, og du har ein hund som er stressa og lite medgjørleg.
I dag er ein slik dag. Våkna altfor tidleg, og har vore på jobb i heile dag. Har blitt ferdig med alle Twilight-bøkene. (What to do now?!) Søknadsfristen på DRITordna opptak går ut. Og du har altfor mange ting du skal ordne, så du kan ikkje berre låse deg inne heller.
Av og til har du berre lyst å henge med folk du slepp å tenke med. Helst kjekke kompisar som ikkje bur på Hareid. Du har berre lyst å ha full styrke på iPoden med yndlingsmusikken. Sleppe å tenke på noko som helst. Akkorat slik har eg hatt det i dag.
Energinivået er lik null.
Mi redning i dag har vore "I miss you" av Blink 182 på repeat, mens eg ser på fjell og sjø og tenker på kjekke minner.
Mitt humør har sikkert gått utover dei rundt meg, så når eg var heime åleine i kveld, baka eg muffins til dei.
Gler meg til å legge meg og sove, og håper dagen i morgon ikkje er like LOL.
(Beklager EMO-innlegg.)





Dei aller beste!

Det fyrste bildet er tatt i 1989. Lite har endra seg? :)




laurdag, april 11, 2009

Summerlovin

No he ej skikkelig sommarfølelse i mej! Ute he det våre 18 grade og sol, heilt nydelig! Kom sjølsagt litt regn også, men det tørka raskt opp i varmen. UNBELIEVABLE! Og no e kl 21, og det e fortsatt lyst ute. Og varmt. He akkorat våre ute på spasertur me ne Jackie, og ho he våre ute å leika sej i nesten heile dag.
I dag he vi spist lammelår og anna god mat, og ej laga eple-smuldre-pai til kaffien (og mamma laga snickerskake..). Mm!
Sigrid, Sverre og Eliah va her, og Christian, Lena og lisjegolle (so kjøme ut om bære litt over en måne!) Veldig koselig.
He også kjørt til vik me kjekke musikk, og kjøpt årets andre solo-is la me ne Sigrid og Eliah.
Gle mej dritmykje til OSLO!!! :D (Som ej he skreve opptil fleire gonga her inne..) Det skal bli so kjekt.. :)
Ellers e ej heilt klar for at sommaren skal bjunde 100 %. Kjekt når alle e heime, og kvardagen e morsom og livet e bekymringslaust.
Mens vi venta på den tida, høyr på dinne songen og gle dej! :)









torsdag, april 02, 2009

2. april 09

- Framleis litt uvant å sjå meg i spegelen med mørkt hår. Men eg er fornøgd! :)
- Har i dag vore ein tur i vik (Ulsteinvik, for utanforståande), og kjøpt meg støvlar. Og ein gensar. Mmm!
- Jackie trivst og veks her (der følte eg meg som ein vaksen som skriv julebrev til bekjente), og ho er morsom utan at ho er klar over det.
- Gler meg til ungkaren i kveld!!!!!!!
- Skal spise fylte foccacia (?!) brød med Sigrid seinare
- Fått woman i posten, jippi!
- Mens eg ventar på 4. boka i Twilight-serien, har eg no lest ei bok som heiter "Idas dans". Ei mor som har skrive om då dottera fekk leukemi. Veldig godt fortalt, og ei sterk bok! Eg veit korleis det er å miste eit familiemedlem, så av og til følte eg at eg kjende meg att i det eg las. Les den! (Den 3. boka i Twilight-serien var forøvrig like fortryllande som dei to fyrste.)
- Eg syns Tyra Banks er litt too much i sitt eige talkshow. Eg likar ho som programleiar i Top Model, men i talkshowet tek ho av.
- My personal favourites om dagen: songen "Breathe in breathe out" av Mat Kearney, fargane gul og koral, mine nye gule kawasaki sko, fryste blåbær med vaniljeyoghurt og kornblanding. Og taco. I skjell. MM!

Haha.. jaja, peace out!






Earth Hour (del 2)

Her kjem en liten oppfølgar til tidlegare innlegg om earth hour! Delvis for å vise bilde frå kvelden, men også for å gjere det klart for Birte kva som foregikk. Ho var nemlig oppgitt for at straumen ikkje gjekk på Hareid, og at det då ikkje blei earth hour her. Vel. En måtte slå av lyset sjølv. (Høhøø!)
Og slik såg det ut:
(eg overtalte mamma til å la tv'en stå på, men til gjengeld slekte ho absoultt alt. Inkludert utelyktene.)


onsdag, april 01, 2009

Brown girl in the ring

Jippi! I dag har eg farga håret i lag med Birte.
(Ho har sikkert fleire bilder på lager..høhø)