Nokre dagar kunna du bura deg inne på rommet med høg musikk på anlegget. Du føler at ingenting går din veg, og alt skal skje på ein gong. Du rekk ikkje noko av det du har lyst å gjere, og du har ein hund som er stressa og lite medgjørleg.
I dag er ein slik dag. Våkna altfor tidleg, og har vore på jobb i heile dag. Har blitt ferdig med alle Twilight-bøkene. (What to do now?!) Søknadsfristen på DRITordna opptak går ut. Og du har altfor mange ting du skal ordne, så du kan ikkje berre låse deg inne heller.
Av og til har du berre lyst å henge med folk du slepp å tenke med. Helst kjekke kompisar som ikkje bur på Hareid. Du har berre lyst å ha full styrke på iPoden med yndlingsmusikken. Sleppe å tenke på noko som helst. Akkorat slik har eg hatt det i dag.
Energinivået er lik null.
Mi redning i dag har vore "I miss you" av Blink 182 på repeat, mens eg ser på fjell og sjø og tenker på kjekke minner.
Mitt humør har sikkert gått utover dei rundt meg, så når eg var heime åleine i kveld, baka eg muffins til dei.
Gler meg til å legge meg og sove, og håper dagen i morgon ikkje er like LOL.
(Beklager EMO-innlegg.)
5 kommentarer:
Noko seier med at det er sol på ferieøya i dag..håpar det hjalp ;)
fint fat! ;)
Lille venn! Jeg sender deg en klem, jeg. MMMMMMMMMM, den var god :) Hehe.
Gikk og sang på Bishop Allen - Rain, da jeg gikk til butikken for å kjøpe melk, og da tenkte jeg på deg.
Oh let the rain fall down
And wash this world away
Oh let the sky be grey
'Cause if it's ever gonna get any better
It's gotta get worse for a day
Noen dager må man bare gå og legge seg og håpe det har gått over når man våkner.
kan melde om at det va strålande sol ja! og at dagen ettepå va betydelig bedre.. :)) takk jenter!
Eg e glae i deg, Anna!
Legg inn en kommentar