laurdag, april 18, 2009

Fortsettelse i serien om uventa hendingar som følge av kjøp av kvalp.

I dag: ORM.

Jaja, eg har fått det med meg no, at det er vanleg blant kvalpar. Men vanleg blant kvalpar er ikkje det same som om at min kvalp skal få det. Men det har ho altså fått. Orm. Spoleorm trur eg (etter lett research på google).
Var omtrent i sjokktilstand etter oppdagelsen. Ho var ute i hagen for å gjere frå seg (altså drite), då eg såg det kom ut noko rart. Spagetti? Tråd? Gjekk nærmare for å studere det, og då såg eg at det bevega på seg. Ikkje ein orm, men VELDIG mange. Og VELDIG lange. Og VELDIG kvite. Og VELDIG ekle. Eit syn eg ALDRI kjem til å gløyme. Såg føre meg det ubehagelige synet resten av dagen, og det siste eg såg føre meg før eg sovna.
I dag har eg heldigvis komt over sjokket, og det har heller ikkje komt fleire ormar. Ho er straks ferdig med kur, og det ser ut til at ho vert kvitt dei ekle skapningane nokså kjapt.

(Bildet er tatt frå Google si altfor detaljerte bildeside.)

5 kommentarer:

Anlen sa...

Æsj!

Bra at det går fort over, for slikt svineri er ikkje morsomt...

Anna Josefin sa...

ja, det va dritekkelt!! men ho he komt sej til igjen no, heldigvis.. :)

Anonym sa...

juuuuuu...

Maria sa...

Hahaha! :D

Anna Josefin sa...

du flira du, BENJAMIN!