torsdag, april 02, 2009

2. april 09

- Framleis litt uvant å sjå meg i spegelen med mørkt hår. Men eg er fornøgd! :)
- Har i dag vore ein tur i vik (Ulsteinvik, for utanforståande), og kjøpt meg støvlar. Og ein gensar. Mmm!
- Jackie trivst og veks her (der følte eg meg som ein vaksen som skriv julebrev til bekjente), og ho er morsom utan at ho er klar over det.
- Gler meg til ungkaren i kveld!!!!!!!
- Skal spise fylte foccacia (?!) brød med Sigrid seinare
- Fått woman i posten, jippi!
- Mens eg ventar på 4. boka i Twilight-serien, har eg no lest ei bok som heiter "Idas dans". Ei mor som har skrive om då dottera fekk leukemi. Veldig godt fortalt, og ei sterk bok! Eg veit korleis det er å miste eit familiemedlem, så av og til følte eg at eg kjende meg att i det eg las. Les den! (Den 3. boka i Twilight-serien var forøvrig like fortryllande som dei to fyrste.)
- Eg syns Tyra Banks er litt too much i sitt eige talkshow. Eg likar ho som programleiar i Top Model, men i talkshowet tek ho av.
- My personal favourites om dagen: songen "Breathe in breathe out" av Mat Kearney, fargane gul og koral, mine nye gule kawasaki sko, fryste blåbær med vaniljeyoghurt og kornblanding. Og taco. I skjell. MM!

Haha.. jaja, peace out!






3 kommentarer:

Maria sa...

Yoghurt og blåbær så deilig ut :D Liker at vi legger oss i moteblogg-banen, med bilder av ting vi har kjøpt! Mer av det, takk. Og mer julebrev, amen.

Jeg er hjemme, se min blogg for julebrev!

Anna Josefin sa...

enig, mary! vi kjøme straks til å bli nr. 1 moteblogg.. må bære bjunde me "dagens outfit" fyrst. :D
og ja, det e deilig, prøv det!! xoxo!

Anonym sa...

Dokke e wannabe-gratis-blad-i-kule-klesbutikker-bloggete...

:-)))))))))))