laurdag, oktober 30, 2010

Believe, it's a chemical weapon for the war that's raging on inside.



Har gått i hi i dag. Ligg under dyna og høyrer musikk. Det er min overlevelsesteknikk. Songen ovanfor er så fin at eg kjenner det luggar litt bakerst i hjertet, på ein god-vond måte. Men ein må jo berre tru det kjem bedre dagar, så mens eg ventar på dei ser eg på fine bilder, slike som er under her.
Ver tålmodige med meg.


Photobucket
Photobucket
Photobucket

tysdag, oktober 26, 2010

Moments

Photobucket

♥ ein sein haustkveld på vei til Nydalen t-banestasjon i lag med Anders, mens vi song Känn ingen sorg for mig Göteborg kjempehøgt.
♥ blikket til han eg syns var finast.
♥ natta 5. mai 2006 på Sagavoll.
♥ Mew konserten i november fremst i lag med PG, og eg kunne alle songane utenat.
♥ same konserten, då starten på Special kom. You are like a rocket through me.
♥ då Christian sa det skulle kome eit nytt familiemedlem hausten 2008
♥ då eg sat på bussen tilbake til leiligheita i Oslo, og grein høgt og lenge for meg sjølv.
♥ kvelden før eksamen i Volda då eg plutseleg savna pappa so mykje at det verkte i hjertet, og eg og Ingunn låg i senga mens tårene rann, og det gikk opp for meg at eksamen ikkje er det viktigaste i livet.
♥ då eg oppdaga Veto, og hørte Cannibal om igjen og om igjen.
♥ begravelsen til Farmor. La ankeret falle, jeg er i havn.
♥ ein klem under ei gatelykt i snøstorm i Volda.
♥ kvar einaste gong eg ser Role Models, spesielt saman med Sigrid.
♥ siste nummeret av Queen musikalen We Will Rock You, og applausen etterpå.
♥ synet av guten i lag med ei anna jente.
♥ følelsen av å vere liten inne i Westminister Abbey, og nesten høyre kviskring frå gammalt av.
♥ då eg kvelden før min verste eksamen gikk ut, og heilt tilfeldig såg eit stjerneskudd på eit glimt av ein stjernehimmel inn mellom skyene.
♥ ankeret som held meg nede no.
♥ den siste festen i Frantzebåtveien 6.
♥ følelsen eg får kvar gong eg høyrer Kissing You frå Romeo&Julie. Oh the acing.
♥ kvar gong Jackie gjespar, på slutten når heile snuten rynkar seg saman.
♥ klassisk musikk og kryssord i Sarpsborg.
♥ don't stop believing på høgt volum då eg og Karianne ordna til utdrikningslaget.
♥ "eg er forelska i deg".
♥ den sommaren då vi drakk mykje té på seine kveldar med Karoline.
♥ følelsen eg fekk etter å ha satt mi fyrste sprøyte.
♥ kvelden i Oslo då vi snakka om viktige ting nokre timar før eg måtte reise heim. No ser eg som i eit speil, i ei gåte.
♥ då Frantz overtalte meg til å begynne å snuse i Volda.
♥ dei stille minutta i kinosalen når De Usynlige var ferdig, og alle berre satt der. Tårene mine berre rann og rann.
♥ då vi var i New York, og gjekk oss fram på store ting som var akkurat som på film. Fyrste gong det gjekk opp for meg at eg virkelig var i NYC, var når eg brått gjekk forbi Madison Square Garden, og når eg såg friheitsgudinna.
♥ kvar einaste forelskelse.

Det er dei små tinga som betyr mest til slutt.

Photobucket

laurdag, oktober 23, 2010

Det einaste ho ønska seg, var ein skyfri dag

Den fyrste snøven har komt (!), vore her og no regnar den vekk. Takk og pris! Eg fekk mine nye skattar i posten i går (Hunter støvlar), so eg håpar eg rekk å bruke dei før vinteren tek over heilt. Eg har fått bihulebetennelse, og er sjuk og svak. Difor har eg laga ei speleliste som gir ro i sjela, og som eg høyrer på mens eg ligg i senga og ventar på bedre dagar. I dag har eg hørt Christel Alsos med Please Stay på repeat, mens eg laga proteinpannekaker til middag. Nydeleg godt med flytande honning og kokos-yoghurt til!
Vil du ha oppskrifta sei du?

Til desse proteinpannekakene treng du:
Ei boks med cottage cheese
Havregryn
4 egg
Vatn og salt.

Ta heile boksa med cottage cheese i ei bolle. Fyll havregryn i den tome boksa, og ha i bollen. Ha egga i boksa, og fyll opp med vatn til boksa er full. Ha i ei klype salt. Bland alt godt saman, og steik i passe små pannekaker. Serverast med blåbærsyltetøy, frukt, sukker, yoghurt eller det du vil! Mmm!

Ellers er eg i full sving med julegåveproduksjon, så om du brukar å få julegåve med meg, kan du legge igjen eit ønske, helst strikka. :)

Photobucket

Ha ei fin helg!

laurdag, oktober 09, 2010

Laurdagsfavoritt:



Denne fine songen er min favoritt på ein laurdag i oktober. Eg har spist havregraut med eple i, kjøpt smågodt og har One Tree Hill maraton. Eg strikkar og strikkar, og gler meg til Skal vi danse i kveld.
Har de fine laurdagar?

tysdag, oktober 05, 2010

Savn

I går fann eg plutseleg filmsnuttar eg ikkje trudde eg hadde på macen. Nåkre av dei gjorde meg varm i hjertet, og no savnar eg dokke bestevennane mine meir enn nokon gong. Hjerte.