Den fyrste snøven har komt (!), vore her og no regnar den vekk. Takk og pris! Eg fekk mine nye skattar i posten i går (Hunter støvlar), so eg håpar eg rekk å bruke dei før vinteren tek over heilt. Eg har fått bihulebetennelse, og er sjuk og svak. Difor har eg laga ei speleliste som gir ro i sjela, og som eg høyrer på mens eg ligg i senga og ventar på bedre dagar. I dag har eg hørt Christel Alsos med Please Stay på repeat, mens eg laga proteinpannekaker til middag. Nydeleg godt med flytande honning og kokos-yoghurt til!
Vil du ha oppskrifta sei du?
Til desse proteinpannekakene treng du:
Ei boks med cottage cheese
Havregryn
4 egg
Vatn og salt.
Ta heile boksa med cottage cheese i ei bolle. Fyll havregryn i den tome boksa, og ha i bollen. Ha egga i boksa, og fyll opp med vatn til boksa er full. Ha i ei klype salt. Bland alt godt saman, og steik i passe små pannekaker. Serverast med blåbærsyltetøy, frukt, sukker, yoghurt eller det du vil! Mmm!
Ellers er eg i full sving med julegåveproduksjon, så om du brukar å få julegåve med meg, kan du legge igjen eit ønske, helst strikka. :)
Ha ei fin helg!
8 kommentarer:
Høre det du e flinke å strikke ja:) ha det berre vore mej! du hekje lyst å strikke en mariusgensar pluss hue til guten min for litt cash vel?;)
jo, det kan ej godt gjere! :) Melda dej om meir info ej.
Utrolig søt sløyfe :) :)
Pannekakene skal jeg definitivt prøve å lage!
Glad i deg! ♥ God bedring!
Ja, dei e gode! Karianne sine..hehe :) Fikk oppskrifta me ne Maria. Mmm!
Takk, takk! ej e litt bedre i dag, so medisinen virka :)
PS: ej helde på med julegåva di.. ;)
♥
God bedring søta :) No høyre ej på spelelista di! :)
ønskeliste:
pc-trekk
mariushue
stor kvit krage/hals
<3
Nam, jeg skal rett hjem og lage pannekaker:D
Ojess, proteinpannekakene tar over verden :D
(sa Maria)
Legg inn en kommentar