onsdag, februar 28, 2007

Systebesøk, slaps og generell kos.

Sidan eg sist oppdaterte har mykje skjedd.
Eg har: tatt pause frå studeringa, hosta, grått, flirt, tryna på isen, feira kongen sin 70-års dag, strikka 2 stk huer, lært meg ein ny song på gitar, støvsugd en stor edderkopp, kjøpt jellybeans på deli de luca, kjøpt meg gule leggvarmarar (!), sett Mars og Venus på kino, konsumert ein kebab og mykje ute-mat, gått i slottstrappa for fyrste gong og hatt systra mi på besøk i hovudstaden. Eg har altså hatt bronkitt, og lungene mine har kjempa som søren mot hosten og mykoplasmaen (?). Men no er eg tilbake med ei hes (attraktiv?) stemme, og nyt dei siste fridagane i Oslo!
Mi syste Sigrid ville (som andre Hareidsdølingar hadde villa) sjølvsagt gå i butikkar, Bogstadveien, sjå slottet og spise på Elm Street. Alle ønsker vart innvilga, og vi kosa oss med shopping og henging. Ingunn, som snart tek turen til Mongolia, var også på besøk i helga. Eg fekk stifte kjennskap til Kwang-bin, og høyre anekdoter frå barneskule-kvardagen ho har hatt i den siste tida. I staden for å greie meir ut her, velg eg å la bileta tale for seg.




















laurdag, februar 17, 2007

Sjå kva eg kom over...Hareid er jammen meg ei godt profilert bygd, sjølv på den vidstrakne verdsveven. Her har til og med rundkøyringa, den skjelvande pila og ferga komt med! Enjoy! ;)

tysdag, februar 13, 2007

Slik går no dagane...

Då bronkitten melde sin ankomst, kunne eg sjå longt etter mi kose- og rekreasjonshelg hjå Ingunn og Ludvig på Biristrand.

I staden for har dagane mine bestått av:
* hosting, harking og rennande nase
* one tree hill og the o.c.
* rastlausheit etter å gå ut og nyte sola og isen
* sagavoll-sakn, etter å ha sett på alle bilda mine
* lengting etter sommar, sol, og varme

Eg skal ikkje berre klage, heldigvis har eg jo mamma ved mi side, som stadig diskar opp med både pærebrus og wienerpølse i lompe! Takk!
Ellers kan eg meddele at mi kjære Karoline har no komt tilbake frå ein måneds opphald i guatemala/sør-amerika, og ho lev i beste velgåande! Hurra! :)


Hareid vinterstid <3


Tore og Kristin <3

Gi mej sommar og kjærleik.

onsdag, februar 07, 2007

tysdag, februar 06, 2007

Good Enough

Eg er bra nok, og du er bra nok.
Vi er vakre menneske!

Då var VT over like brått som det starta. Vi sit igjen med fleire vennar, minner, gode opplevelsar og sletne kroppar.
Takk for gjensynsgleda, humoren, henginga, synginga, leikinga, klemmane, den obligatoriske vt-flørtinga, gleda og dansinga (spesiell takk rettast til tensing norway på sistnemnde punkt)!
For 3 dagar fekk vi gløyme kvardagen litt, og leve i vissheit om at vi er gode nok alle saman...





























Sjåast på TT?? :)