tysdag, juni 12, 2012

ti ting som er fint på ein tirsdag

Eg tenkte kanskje det kunne passe med litt påfyll i dag, enten du treng litt inspo, musikk eller berre å smile. For det håper eg du gjer når du har komt til botnen av dette innlegget. Kanskje kan dette bli eit fast tirsdagsinnlegg? Maybe baby, men eg lovar ingenting. Håper du kjenner at det er sommar og kanskje ferie og kanskje har du ti tusen sommarfuglar inni deg. Eller kanskje har du nede gardinene og høyrer på klassisk musikk.
Her kjem i allefall ti ting som er fint på ein tirsdag:

 1. Eg har fått fleire spørsmål om korleis eg lagar animasjonsbilda mine her (hørtes ikkje dette superbloggete ut så veit ikkje eg). På denne sida her kan du legge inn dei bilda du vil ha med, velge størrelse og tempo, så blir det ein liten GIF til slutt. (Eg køyrer klassiske photoboothbilder.)

  picasion

2. Turkish Delight av Susanne Sundfør, LidoLido remix. Anbefalar å sette den på på Spotify, og skru opp lyden. (For på denne filmen er songen kutta litt.)
 

Og apropos Lido! (Hadde tenkt å ha eit eget punkt for han, men då vart det elleve.) Alle veit jo at musikargutar med langt hår og attitude kan smelte hjertet mitt, og LidoLido er intet unntak. Ikkje DJ'en hans helder.

  Uploaded from the Photobucket iPad AppUploaded from the Photobucket iPad App

 3. Musikkvideoen til "Keep your head up" av Ben Howard. Sjå heile! Åååh. <3



4. Bilder av folk som flirar skikkeleg. Dette bildet her får meg til å smile uansett dag.
  Photobucket

5. Min aller beste venn, Birte. Fordi ting alltid blir litt bedre når vi er i lag. Og fordi vi sender melding til kvarandre heilt på likt. Og fordi eg er så glad i ho.
  Photobucket

6. Kjeldsund, finaste Kjeldsund. Ein leirplass her på Sunnmøre. Med tusen minner om sol, bål, kanoturar og kjærleik. Var ledar der i helga, og det var eit døgn utan bekymring, med flørtande kids og mykje kos. Og Kjeldsund-pannekakene som eigentleg smakar vaffler.
  PhotobucketUploaded from the Photobucket iPad App Photobucket

7. Gul. Gult. Kult! Sommarens favorittfarge. Lysegul eller knallgul. På gensaren eller på veggen eller i boka eller i håret.

  PhotobucketPhotobucket

8. Å planlegge ny tatovering. Glede seg til å bestille time. Hjertebanken minutta før det skjer. Minnet.
  PhotobucketPhotobucket

 9. Mitt nye ankerarmeband. Og armeband generelt. Dei fargerike har eg laga sjølv. Har du også lyst? HER finn du ein tutorial som viser deg korleis du lagar slike friendship bracelets.

  Uploaded from the Photobucket iPad App

10. Denne sangen her. Høyr den når du har tårer i augene. Eller treng å skjerpe deg litt. For det gjer jo alle no og då. Høyr den når du treng å huske på kva som er viktig og kva som er uvesentlig. Verdens finaste huskelapp.
Do one thing everyday that scares you.



Photobucket

fredag, juni 08, 2012

Have the world baby girl, live it up, you deserve it



Dette er min favorittsong om dagen, når eg høyrer på den er det sommar og seine kveldar og kjærleik i heile kroppen. Sett den på kjempehøgt da. Ellers kan du sette på sommarlista mi, for der er det sommar og kjærleik kvar dag. I går var eg på konsert med LidoLido, som eg altfor lenge har vore hemmelig forelska i. Heile albumet hans har eg hørt på om igjen og om igjen, og det er slik musikk eg kan høyre på uansett korleis dagen er. Og alle mine yndlingar kom på rekke og rad på konserten! Han er flink altså. Og søt. Ikkje minst. ELLERS, har eg brukt denne fredagen til å fare til tannlege, spise lunsj med Sigrid, og farge håret. Eg tok å slo til med ein sokalla dip dye, og eg kan ikkje sei anna enn at det er heimebleiking på sitt beste. Ha ein deilig kveld! Smil :)
  Photobucket


FØR Photobucket


ETTER <3 Photobucket

laurdag, juni 02, 2012

love is a verb




love is a verb, it ain't a thing 
it's not something you own, it's not something you scream
when you show me love, i don't need your words
yeah love ain't a thing, love is a verb


Photobucket Photobucket Photobucket Photobucket

Verdens finaste song med verdens finaste John. Treng ikkje stort fleire ord då, på den fyrste laurdagen i juni og ein er sjuk og kjenner seg pittelitt åleine og kanskje treng eit lite smil eller fine ord. Eg har komt heim frå bestevennane i Oslo, det er altfor kaldt for å vere sommar på Sunnmøre, og eg har to typar halsdrops og hostesaft på bordet. Då er det best å late igjen augene og tenke på den finaste du veit.

so you gotta show, show, show me

Photobucket

PS! Fine Hjartesmil har linka til bloggen min på sin blogg :) Eg blei så glad når eg såg bildet mitt kom med her!