Eg tenkte kanskje det kunne passe med litt påfyll i dag, enten du treng litt inspo, musikk eller berre å smile. For det håper eg du gjer når du har komt til botnen av dette innlegget. Kanskje kan dette bli eit fast tirsdagsinnlegg? Maybe baby, men eg lovar ingenting. Håper du kjenner at det er sommar og kanskje ferie og kanskje har du ti tusen sommarfuglar inni deg. Eller kanskje har du nede gardinene og høyrer på klassisk musikk.
Her kjem i allefall ti ting som er fint på ein tirsdag:
1. Eg har fått fleire spørsmål om korleis eg lagar animasjonsbilda mine her (hørtes ikkje dette superbloggete ut så veit ikkje eg). På denne sida her kan du legge inn dei bilda du vil ha med, velge størrelse og tempo, så blir det ein liten GIF til slutt. (Eg køyrer klassiske photoboothbilder.)
2. Turkish Delight av Susanne Sundfør, LidoLido remix. Anbefalar å sette den på på Spotify, og skru opp lyden. (For på denne filmen er songen kutta litt.)
Og apropos Lido! (Hadde tenkt å ha eit eget punkt for han, men då vart det elleve.) Alle veit jo at musikargutar med langt hår og attitude kan smelte hjertet mitt, og LidoLido er intet unntak. Ikkje DJ'en hans helder.
3. Musikkvideoen til "Keep your head up" av Ben Howard. Sjå heile! Åååh. <3
4. Bilder av folk som flirar skikkeleg. Dette bildet her får meg til å smile uansett dag.
5. Min aller beste venn, Birte. Fordi ting alltid blir litt bedre når vi er i lag. Og fordi vi sender melding til kvarandre heilt på likt. Og fordi eg er så glad i ho.
6. Kjeldsund, finaste Kjeldsund. Ein leirplass her på Sunnmøre. Med tusen minner om sol, bål, kanoturar og kjærleik. Var ledar der i helga, og det var eit døgn utan bekymring, med flørtande kids og mykje kos. Og Kjeldsund-pannekakene som eigentleg smakar vaffler.
7. Gul. Gult. Kult! Sommarens favorittfarge. Lysegul eller knallgul. På gensaren eller på veggen eller i boka eller i håret.
8. Å planlegge ny tatovering. Glede seg til å bestille time. Hjertebanken minutta før det skjer. Minnet.
9. Mitt nye ankerarmeband. Og armeband generelt. Dei fargerike har eg laga sjølv. Har du også lyst? HER finn du ein tutorial som viser deg korleis du lagar slike friendship bracelets.
10. Denne sangen her. Høyr den når du har tårer i augene. Eller treng å skjerpe deg litt. For det gjer jo alle no og då. Høyr den når du treng å huske på kva som er viktig og kva som er uvesentlig. Verdens finaste huskelapp.
Do one thing everyday that scares you.
7 kommentarer:
Hadde heilt klart ett smil slutten av innlegge :) Du e best <3
SMIIIIIL!! :) å klem til dej for du minne mej på viktige ting! :)
:) :) :)
klem til begge to! <3
Dette var fin lesning :)
:)
Punkt nr 10!!!
E L S K A den sangen!!
Når barna mine blir litt eldre skal eg spele den for dei!
Fajne zdjęcia :)
Legg inn en kommentar