fredag, juni 08, 2012
Have the world baby girl, live it up, you deserve it
Dette er min favorittsong om dagen, når eg høyrer på den er det sommar og seine kveldar og kjærleik i heile kroppen. Sett den på kjempehøgt da. Ellers kan du sette på sommarlista mi, for der er det sommar og kjærleik kvar dag. I går var eg på konsert med LidoLido, som eg altfor lenge har vore hemmelig forelska i. Heile albumet hans har eg hørt på om igjen og om igjen, og det er slik musikk eg kan høyre på uansett korleis dagen er. Og alle mine yndlingar kom på rekke og rad på konserten! Han er flink altså. Og søt. Ikkje minst. ELLERS, har eg brukt denne fredagen til å fare til tannlege, spise lunsj med Sigrid, og farge håret. Eg tok å slo til med ein sokalla dip dye, og eg kan ikkje sei anna enn at det er heimebleiking på sitt beste. Ha ein deilig kveld! Smil :)
FØR
ETTER <3
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar