fredag, februar 27, 2009

Oppmuntring

Av og til tenkjer eg at livet er kjempestort. Av og til er livet litt voldsomt. Det er ikkje alltid eg føler at eg greier å leve opp til livet. Når tankane om framtida og alt som er forventa av meg dukkar opp, kjenner eg at eg vert heilt matt, stressa og EMO!! Neida. Men det er ikkje alltid eg orkar å tenke på slike ting. Det vert litt for mykje. Det fins so mykje eg ikkje orkar å tenke på.
Derfor skriv eg dette innlegget for å minne meg sjølv på å sjå lyst på ting. Minne meg sjølv på alt det kjekke eg har i livet, og alt det kjekke som fortsatt skal kome. Eg har mykje musikk som minner meg på akkurat dette. Av og til set eg iPoden på miks, og for kvar song som kjem, tenker eg på kva eg forbind akkurat den songen med. Akkurat no kom Duran Duran med Ordinary World, og når eg høyrer den tenker eg på den gongen eg og Karianne sat på bussen på veg frå Oslo til Sagavoll. Og då må eg jo smile litt, når eg kjem på alt det kjekke den turen innebar.

Her kjem ei lita liste med songar og assosiasjonar, frå iPoden på random:

MEW - 156: mi fantastiske Randi, og slutten på Sagavoll.
Don't you just love goodbyes?

Sade - By Your Side: då eg var på besøk i Oslo, og alle hang i Karianne si leiligheit i waldemar thranes gate, eg og PG gjekk og kjøpte kebab for 29 kr, og då vi spelte DS i senga til Karianne.

Sara Bareilles - Between the lines: sommar og håplaus kjærleik.

The Cure - A letter to Elise: vår i Volda, og Osloturen då vi skatea.

Mew - Comforting Sounds: då eg hørte denne live på konsert og var i himmelen i 8 minutt, og då vi kjørte heim til Sagavoll midt på natta. Også då eg låste meg inn på rommet mitt berre for å høyre på den kjempehøgt. På Sagavoll.

Justin Timberlake - What goes around comes around: då vi kjørte til gardermoen midt på natta når vi skulle reise til Cannes, og alle kunne den utenat og song høgt.

Smashing Pumpkins - Bullet with butterfly wings: då eg begynte å synge på denne i gatene i New York, og Anders Kvellestad brått stemte i (dette var før vi kjendte kvarandre). Love you, quelli! :D

Avril Lavigne - My happy ending: spaniaturen i 04, då denne var på konstant. So much for my happy ending. haha..

Death Cab For Cutie - Brothers on a hotel bed: sitte på nattbussen ei lys sommarnatt. Den er så slakk og fin.

Foo Fighters - Everlong: denne betyr alt. Siste kvelden på Sagavoll då muse-bandet spelte denne, og alle tårene som blei felt den kvelden. Helsinga eg skreiv til Anders Mikalsè i årboka. Bursdagskortet eg fekk med Karianne når vi bodde i Oslo. Setninga "breathe out so i can breathe you in". Alt..

Big Bang - Something Special: hausten 06..sukk! Og tenker alltid LOL når han på slutten seier: okay folkens, er dere klare for fest. Ikkje som eit spørsmål. Haha. (På radio radio tv sleep el. plata.)













Okay folkens, er dere klare for fest.

laurdag, februar 21, 2009

Mat til folket!









Tidenes bilde. Birte levera. Med en banan og ei skjeve. Priceless.

(Les meir om kva Birte kan tilby HER!)

Forelska

...igjen...
What's a girl to do??

onsdag, februar 18, 2009

Hot dog, jumping frog, albuquerque



Eg elskar denne songen! Blir kjempeglad av å høyre den!
Eg høyrer på den, og tenker:

- kor godt det skal verte med varm vår-luft
- og amerika-converse på tørre vegar
- kor godt eg likar tennissokkar i lag med chinos-buksa mi
- kjekke, lange sommarkveldar med henging og kveldsbad
- LOL kvar gong denne strofa kjem: fine figure fine cut a fine figure fine oh yeah

Smilar du no? :)

tysdag, februar 10, 2009

Stars and Bars

Desse skona er umulige å få tak i! Eg finn dei ingen plass på nettet, ikkje på ebay en gong!
Og her på øya fins ingen plass eg kan kjøpe slikt..
No spør eg dokke kjære vennar som bor i byar:
Fins dei i butikkar? Eller har dei slutta å lage dei? GOSH!
Tips meg om du skulle kome over eit par! :)

Converse Allstar Stars 'n Bars:

torsdag, februar 05, 2009

Prosjekt nr 2

Ein veldig mjuk, varm, søt krage med søte knappar! :)



måndag, februar 02, 2009

Ruta hue

Då er fyrste prosjektet ferdig strikka! Jippi! :)

Dagens soundtrack



- fri på jobb
- strålande sol
- kalde kinn
- ipod på øyra
- støl ette wii-speling
- gle mej til bergen-tur

mmm.. :))