torsdag, september 29, 2011

True story

Photobucket Pictures, Images and Photos

Kvifor er det slik at når dagane er grå, er det mykje enklare å sitte inne, eller legge seg på sofaen, eller sette på musikk for å stenge verda ute, for å få eit avbrekk frå livet ei lita stund? Og kvifor er det så lett å stenge seg inne, ikkje orke verda utanfor, oppdatere seg på facebook, og berre vere åleine? For eg trur at det er det for dei fleste. Enkelt altso. Ein trygg og lettvint måte. Mens det som eigentleg hjelp er å gå ut døra å sjå på skyene på himmelen, kjenne frisk luft og sjå folk som smilar til deg. Men det er vanskeleg. På ein dårleg dag, eller ei dårleg veke. Det er tungt å gå over dørstokken, det er kjipt å sjå alle som har det bra når du ikkje har det bra sjølv. Men plutseleg kjem favorittsongen din på radio i bilen, eller plutseleg ser du ein katt som jaktar på ei fluge, eller du kjenner at sola prikkar i kinna dine. Og plutseleg er det vonde gjømt seg litt lenger bak i hjertet, og smilet kjem litt lettare fram. Og dagen har fått meir innhald enn den nokonsinne kunne fått gjennom Facebook eller twitter. For det er jo her ute livet foregår, ikkje i ein skjerm. Og kvardagane som du vil huske når du vert gammal, dei hender no. Men det er du som må gi dei meining.
I dag smilte mi lisje tantejente på 4 veker til meg.

tysdag, september 27, 2011

Ein tirsdag som fortjenar eit hjerte

Når det kriblar litt i heile kroppen, det er varmt ute for å vere haust, og det er sol og regn samtidig. Ein har verdas finaste hund som ein kan springe om kapp med, og når ein smilar, smilar ein heilt inn i hjertet og ikkje berre på overflata. Slik eg gjer i dag, på denne siste tirsdagen i september.

how do you make gifs


Photobucket

Og på ein slik dag har eg laga ei speleliste som ein kan høyre på om ein er glad og forelska, trist, lei eller treng å danse heilt åleine utan at nokon ser på. (Her kan du høyre på hjertelista.) For det er ikkje alltid det skal meir til for at ein grå kvardag kan verte ein fin og morsom dag. Eg likar å nyte dei små tinga, og prøvar å gå inn for å verte ein livsnytar. For eg veit at ein god dag ikkje kjem for gitt, og eg har vorte flinkare til å sette pris på små gleder. Om det er å leike med hunden, høyre på songar som får deg til å smile, koke seg ein kopp té på dagtid, eller gå på butikken for å kjøpe seg iskrem frå Ben&Jerrys. Alle kan bli flinkare til å nyte dei små tinga i kvardagen. For ein får jo ikkje fleire sjansar til å leve livet om igjen, det er dette livet du har fått. Så sjølvom dagar kan vere mørke og triste, fins det alltid små ting som kan gjer det litt lysare og bedre. Det skal ikkje så mykje til. At han smilar til deg eller at kryssordet endelig går opp, og kanskje kan ein slå av alle lydar og berre nyte stillheita mens ein ligg å ser i taket og drøymer seg vekk.

Photobucket

Photobucket

fredag, september 23, 2011

Ei liste på ein fredagskveld

Photobucket

noko som gjorde deg glad i dag?
Birte som blei glad når ho såg meg :)

humør akkurat no?
drøymande, rastlaus, men ganske fornøgd sjølv om.

kva gjorde du klokka åtte i dag tidlig?
sov som ein stein, men eg stod opp ein halv time etterpå.

kva gjorde du for femten minutt sidan?
song høgt med til samtlige songar på Beat for Beat, og innsåg at eg føltes ut som ein person over 50 år.

kva ser du om du ser til høgre?
Jackie, ho søv i senga ved sida av meg.

kva gjer deg glad akkurat no?
ein pizza i ovnen, Kevin Costner på Skavlan, og tanken på at leiligheita straks er innflytningsklar.

kva ver er det hos deg akkurat no?
regn og kaldt. Haust.

kva var det siste du åt?
ein smågodtting (raud og svart skjeletthaud).

kva har du drukke i dag?
vatn, is-té og kaffi.

beste issmak?
cherry garcia frå Ben&Jerrys. Eller kokos.

det siste du kjøpte?
ein raud gensar, ei okergul hue og nye fine haustsko:

Photobucket

Photobucket

det siste du sa høgt?
ja!

det siste nokon sa til deg?
"he ho Jackie lagt sej ut med dej?"

søv du tungt?
før kunne ej sove overalt, men no er det meir opp og ned. Av og til søv eg omtrent ikkje i det heile tatt.

har du mareritt?
ja!

kor mange puter søv du med?
minst to. :)

favorittklede?
klær som eg føler meg fin i. Som strikkajakka mi frå Mango.

Photobucket

favorittsnop?
lakris, sjokolade og sure smågodtting. Og chilinøtter, om det tel.

høgre- eller venstrehendt?
høgre.

stjerneteikn?
jomfruen.

kva lengtar du mest etter akkurat no?
å reise.

kva er viktigast for deg?
å kjenne at ein er tilfreds med ting slik som dei er, å kunne nyte dei små tinga i livet, og kjærleik.

Photobucket

måndag, september 19, 2011

What a place to think things through.



Photobucket

Okej, da. Eg veit eg ikkje har blogga sidan juli, men no er eg her. Trur eg. Har ikkje hatt verken inspo eller lyst, men no kjenner eg at tida er komen for litt meir blogging. Eg kjenner at hausten er komen og lufta har blitt skarp og kald, og stjernene har komt opp på himmelen og månen skin ned på fjorden. Blada har blitt gule og oransje og det er haust. Det er så fint ute no. Spesielt når det fortsatt kan kome varme soldagar no og då, og ein kan for eksempel høyre på Jonas Alaska og kjenne at det kriblar pittelitt i hjertet og i heile kroppen. For haust betyr ny start og liv og kalde, mørke kveldar med varm té, og eg kjenner at det er godt.

Ellers har eg starta på årets største oppussingsprosjekt, og om ikkje lenge skal eg flytte inn i "ny", eiga leiligheit. Har mala ei stue, og held på med kjøkkenet. Så skal den andre stua malast. Superstas å velge ut fargar og bestemme og innreie heilt på eiga hand, det blir heilt perfekt! Stua har blitt grå, og kjøkkenet blir ein dus mintgrøn farge. So stay tuned, partypeople. Det kjem nok meir om dette her. I mens kan du sjekke ut den fine grå stua mi:

Photobucket
Photobucket
Photobucket