fredag, september 23, 2011

Ei liste på ein fredagskveld

Photobucket

noko som gjorde deg glad i dag?
Birte som blei glad når ho såg meg :)

humør akkurat no?
drøymande, rastlaus, men ganske fornøgd sjølv om.

kva gjorde du klokka åtte i dag tidlig?
sov som ein stein, men eg stod opp ein halv time etterpå.

kva gjorde du for femten minutt sidan?
song høgt med til samtlige songar på Beat for Beat, og innsåg at eg føltes ut som ein person over 50 år.

kva ser du om du ser til høgre?
Jackie, ho søv i senga ved sida av meg.

kva gjer deg glad akkurat no?
ein pizza i ovnen, Kevin Costner på Skavlan, og tanken på at leiligheita straks er innflytningsklar.

kva ver er det hos deg akkurat no?
regn og kaldt. Haust.

kva var det siste du åt?
ein smågodtting (raud og svart skjeletthaud).

kva har du drukke i dag?
vatn, is-té og kaffi.

beste issmak?
cherry garcia frå Ben&Jerrys. Eller kokos.

det siste du kjøpte?
ein raud gensar, ei okergul hue og nye fine haustsko:

Photobucket

Photobucket

det siste du sa høgt?
ja!

det siste nokon sa til deg?
"he ho Jackie lagt sej ut med dej?"

søv du tungt?
før kunne ej sove overalt, men no er det meir opp og ned. Av og til søv eg omtrent ikkje i det heile tatt.

har du mareritt?
ja!

kor mange puter søv du med?
minst to. :)

favorittklede?
klær som eg føler meg fin i. Som strikkajakka mi frå Mango.

Photobucket

favorittsnop?
lakris, sjokolade og sure smågodtting. Og chilinøtter, om det tel.

høgre- eller venstrehendt?
høgre.

stjerneteikn?
jomfruen.

kva lengtar du mest etter akkurat no?
å reise.

kva er viktigast for deg?
å kjenne at ein er tilfreds med ting slik som dei er, å kunne nyte dei små tinga i livet, og kjærleik.

Photobucket

5 kommentarer:

Anette Holstad sa...

DU har så fin blogg Anna :) Er så kjekt å lese... Savna deg masse i klassa!!

Anonym sa...

Eg stjel lista di ! :)

Birte sa...

:D

eriqsandro sa...

likar.

Maria sa...

Fining! Gleder meg til å se den innflytta leiligheta, og deg da :D