torsdag, september 29, 2011

True story

Photobucket Pictures, Images and Photos

Kvifor er det slik at når dagane er grå, er det mykje enklare å sitte inne, eller legge seg på sofaen, eller sette på musikk for å stenge verda ute, for å få eit avbrekk frå livet ei lita stund? Og kvifor er det så lett å stenge seg inne, ikkje orke verda utanfor, oppdatere seg på facebook, og berre vere åleine? For eg trur at det er det for dei fleste. Enkelt altso. Ein trygg og lettvint måte. Mens det som eigentleg hjelp er å gå ut døra å sjå på skyene på himmelen, kjenne frisk luft og sjå folk som smilar til deg. Men det er vanskeleg. På ein dårleg dag, eller ei dårleg veke. Det er tungt å gå over dørstokken, det er kjipt å sjå alle som har det bra når du ikkje har det bra sjølv. Men plutseleg kjem favorittsongen din på radio i bilen, eller plutseleg ser du ein katt som jaktar på ei fluge, eller du kjenner at sola prikkar i kinna dine. Og plutseleg er det vonde gjømt seg litt lenger bak i hjertet, og smilet kjem litt lettare fram. Og dagen har fått meir innhald enn den nokonsinne kunne fått gjennom Facebook eller twitter. For det er jo her ute livet foregår, ikkje i ein skjerm. Og kvardagane som du vil huske når du vert gammal, dei hender no. Men det er du som må gi dei meining.
I dag smilte mi lisje tantejente på 4 veker til meg.

2 kommentarer:

Birte sa...

Indeed! U know how to say it!

Maria sa...

Hurra for at du skriver igjen! Jeg har heldigvis en jobb som tvinger med opp og ut, ellers er det nok fare for at jeg hadde blitt hjemme altfor mange dager. Nå skal jeg pakke til høstferie på Hellvik, og i morra skal jeg stå opp 0530 for å ha tidligvakt i barnehagen. Sjukt.