laurdag, oktober 08, 2011

Hope is the thing with feathers

Ein ny start. Bloggen min har fått ny adresse og nytt utsjånad. Eg starta bloggen min då eg bodde i Oslo og studerte på det teologiske menighetsfakultetet (ser så fancy ut når eg skriv heile navnet!), og var mest for å halde folka mine heime oppdatert. Då heitte den "too much of nothing", fordi eg følte det var akkurat det den var. Mykje om alt og ingenting. Dette er altså blitt fem år sida, og eg kjenner at den Anna eg er i dag, er ikkje den Anna eg var då. Mykje har skjedd sidan då, og livet har vist seg frå alle sider. Eg har meir fokus på å gjere ting som gjer meg glad, enn å prøve å leve opp til forventningane som fins om ei jente på 25 år. Ein må jo fylle livet sitt med det ein syns gir meining, i staden for slite seg gjennom noko som til sjuande og sist ikkje er vits i å legge så mykje energi i. Så det er det denne bloggen handlar om. Vegen min, livet mitt og kvardagen min. Eg har ei fin tante som alltid seier til meg, at "du får til alt du vil få til". Men det krev tru, mot og vilje, noko som ikkje alltid er like lett å ha nok av. Men eg prøvar alt eg kan. Og håpar alt eg kan. Håpet er det viktigaste. Og eg håper at eg ein dag kan vere heilt tilfreds med livet mitt, og eg trur alle kan bli flinkare til å "leve i nuet". Så ta på lebestiften, eller set på høg musikk, eller kjøp deg smågodt, slå av tven og les ei bok. Eller gå ut å sjå på stjernene. Lev. Og tru på at det alltid blir bedre.

Photobucket

Photobucket Pictures, Images and Photos

5 kommentarer:

Stian R Brandal sa...

:)

Cnixye sa...

<3 Cnixye savner Bodil <3

Karoline sa...

godt sagt! :)

Anna Josefin sa...

:)

Karianne, ej savna dej også!!

Cnipsy sa...

Savner dere begge!