fredag, oktober 28, 2011

Livet er for kort til å ikkje kjøpe dei blomstra gardinene!

For kvifor er det slik at vi som regel går for det trygge valget, i dette dømet kvite gardiner? Dette tenkte eg på då eg skulle kjøpe nye gardiner til mi nye stue. Eg syns det er litt vel kjedelig, når det fins så mange andre morsomme alternativ. Så eg kjøpte mørkelilla gardiner med blomstrar på til den grå stua mi, og mintgrøne med blomstrar til den kvite stua mi. Og med mitt nye livsmotto i bakhaudet, tok eg også rosa nøkkel då eg skulle få kopiert opp ny nøkkel til mitt nye hus. Og kjøkenet blei mintblått/grønt og superfint. Og det gjorde meg glad å innreie etter min stil, og at eg hadde mot til å stole på mine egne valg. For livet er for kort til å ikkje fylle livet med morsomme ting. Og korleis kan ein "finne seg sjølv" dersom ein berre gjer som alle andre? Difor trur eg at det er viktig å gjere ting ein har lyst til å gjere, når ein får lyst. Alle har ei liste med ting ein vil gjere før ein dør, men kvifor ventar ein med å gjere det? For vi har det med å vente på den rette anledninga, til at det skal passe litt bedre. Men plutseleg har ein venta for lenge, og det er for seint. Så ta dei blomstra gardinene, for svingande :)

Kva har du lyst til å fylle livet ditt med, og kvifor gjer du det berre ikkje?
Dette har eg lyst å gjere:

Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket
Photobucket

5 kommentarer:

Birte sa...

woooord!! e btw klar for ny match i SCRABBLE :)

Ida sa...

Åå, dinne va fin, Anna!

K. sa...

Enig!! :)

Anna Josefin sa...

ej mæ e klar birte!! scrabble <3

:)

Karoline sa...

Ej lika dej som blogger anna! kast ut alle rosabloggarane frå internett, og fyll heller kvardagen med slike fine ord og gode tanka! :)