måndag, oktober 10, 2011

Når det regnar på ein mandag og du treng litt inspo.

Photobucket

Og i allefall når det regnar so mykje som det gjer i dag her på Hareid, då kan du berre vere forberedt på at dette blir eit litt lengre innlegg. Eg hadde ein kunde her på Trådkråa som spurte meg om eg trudde snøven kom no snart. Omtrent slik utarta den samtalen seg (med litt kunstnerisk friheit):

eldre dame: trur du snøven kjem no snart?
eg: nei du, det for eg inderleg håpe den ikkje gjer slett enda!
eldre dame: men det regnar jo slik no! Veit ikkje du det at graset råtnar når det regnar slik?
eg: veit ikkje du at eg kjem til å råtne dersom vinteren kjem i oktober?? (okej, eg sa ikkje dette ordrett, men eg kunne lett gjort det. I staden for sa eg (høfleg som eg er): åja, ja det kan hende det.)
eldre dame: ja, for marka klarer ikkje å ta unna alt vatnet. ÅH kor eg frys, kjenn kor kald eg er! (Her tok ho meg i begge henda, så sto vi der og holdt hender midt i butikken.)
eg: huff, ja i dag er det kaldt! (Sjølv har eg faktisk på meg vintersko i dag, for fyrste gong for sesongen.)
eldre dame: ja, nei, det er kanskje litt tidlig med vinter no ja. (Dette var konklusjonen.)

Sjølvom det har komt snøv i fjella her, og dei har begynt å selge julemarsipan på Spar, og sjølvom eg i går hørte på julemusikk (jada, eg veit eg bryt mine egne prinsipp, men ej klarde ikkje halde meg når julespelelista brått kom opp på iPaden), så syns eg det er ALTFOR tidlig for både vinter og jul. Og sjølvom eg gler meg til jul, så vil eg gjerne ha haust ei lita stund til! Men berre for å vere på den sikre sida, har eg investert i ny, fin og raud vinterjakke. For når naturen gir meg snøv, skal eg svare med pels. (Ikkje ekte, Ida.)

Photobucket
(Tatt bilde med mobilen i speilet. Eg er jo tross alt bloggar.)

Så. Sidan det i dag er kaldt, og eg har hatt eldre damer som trua med vinter, og det regnar så mykje at det vert små elvar i veiane, så er det ikkje rart at eg treng litt påfyll. Påfyll av livsglede, smil, kribling, eller berre det å sovne til ein fin song. Denne songen her for eksempel, er heilt perfekt å høyre på når ein har tatt på seg eit pledd og tent på stearinlys og høyrer regnet ute, og er ekstra trøtt fordi ein ikkje fikk sove natta før:



Men dersom ein sov ganske bra natta før, og det kriblar i heile kroppen fordi han smilte til deg eller sa noko fint, eller du treng litt energi og mot, så kan du helder sette på denne songen her (og shake it out!):



Ellers so er vi jo tross alt i oktober månad, og i følge kalendaren skal det jo vere haust ei stund til. Min oktober so longt har ikkje vore så veldig innhaldsrik, eg har kjøpt ny seng (dobbeltseng, wohoo, score!!! osv.) og gjort ymse i det snart-innflytningsklare-huset mitt. I går var eg i familieselskap, i dag er eg på jobb og skal til å strikke litt, og på onsdag skal eg på - wait for it - konsert med Jarle Bernhoft!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Så mange utropstegn betyr at eg gler meg. Vilt. Så slik er det, so longt.

Photobucket

Over til ei lita liste. Eg elskar jo liste. Så denne må eg ha med. Men den var fryktelig long, så eg korta den ned litt. Og eg forandra på dei teite spørsmåla og laga mine eigne der. Here it goes:

SIST:
1. Siste du drakk: mango isté
2. Siste telefonsamtale: tante Hilde, som ikkje syns det var verdt å sjå Babycall på kino.
3. Siste mottatte sms: Amnesty (hehe). Eg er medlem og fast aktivist, i allefall på sms fronten!
4. Siste songen du hørte på: "habits" av Maria Mena.
5. Sist du gråt: i går.

ENTEN ELLER:
6. Dansing eller synging: synging heile tida, dansing på badet.
7. Cola eller Pepsi Max: begge deler, men akkorat no er eg inne i mi andre pepsi max fase. Den fyrste hadde eg då eg budde i Volda.
8. Jordbær eller bringebær: tough one! Jordbær å maule, bringebær i muffins.
9. Facebook eller twitter: eg syns facebook har blitt litt kjedelig no, men eg heng der jo uansett. Men twitter er morsommast!
10. Kryssord eller sudoku: kryssord FTW. Forstår ikkje sudoku, sjølvom Japankongen PG prøvte å lære meg det ein gong.

DETTE ÅRET:
11. Har du fått nye vennar i år: på facebook, so! Trur in real life også altso.
12. Reist: til Oslo i sommar, på besøk med ekteparet Sannes Undheim som er naboar med Jens. Stoltenberg that is.
13. Ledd til du har begynt å gråte: ofte!! Sist då Ndure var gjest hjå Ylvis, og dei song "fytti katta" songen. Og nesten i går, då Sigrid fann bilde av Mr.Bean som tok på lebestift.
14. Savna nokon: JA! Ofte, heile tida. Slik er det å ha bestevennar i andre byar og andre land!
15. Beste kjøp: i 2011 må vere iPaden. Kanskje. Eller dobbeltsenga, men den har eg ikkje testa ut enda.
16. Beste minne: då Sigrid og Sverre gifta seg og heile dagen var magisk.

Photobucket

SANNHEIT:
17. Kor mange barn vil du ha: uvisst. Akkorat no er eg ikkje klar for barn, men etterkvart vil eg kanskje ha ein av kvart kjønn? (Jada Sigrid, eg veit at dette ikkje er noko ein akkurat kan bestille. Knis.)
18. Har du kjæledyr: finaste Jackie, og pusen Steve-O som flytta ut (ikkje så veldig langt då, berre ut i hagen og i nabolaget) då Jackie (hund) flytta inn. Han nekta å komme inn. Jaja.
19. Vil du forandre navnet ditt: eg har lyst å legge til Oline på ekte.
20. Når våkna du i dag: klokka 08.30. Slumra i eit kvarter før eg stod opp då.
21. Kva gjorde du midnatt i går: tapte i Wordfeud, gikk å pussa tenna, og sjekka facebook på sengekanten.
22. Nevn noko du IKKJE kan vente på: å sjå Jarle Bernhoft på onsdag!!
23. Siste gong du såg pappaen din: for 12 år sidan.
24. Kva ville du forandra i livet ditt: eg ville hatt penga nok til å starte kafé!
25. Kvar ville du reist akkurat no: kina. Eller til Italia, spis-elsk-lev-style.
26. Kva gler du deg til i dag: legge meg på sofaen å pleie forkjølelsen, og Ylvis kl 22.
27. Kva gler du deg til i nærmaste framtid: gler meg til å bli tante igjen i romjula! Og til jula generelt.
28. Kva høyrer du på akkurat no: den nye kopimaskina på kontoret på Trådkråa som bråkar og tikkar og eg veit ikkje kva den kan telle ned til.
29. Kva går deg på nervane akkurat no: sjå svaret over.

HAR DU NOKONSINNE:
30. Kyssa ein framand: nei.
31. Mista brillene/linsene: haha, nei!
32. Tryna offentleg: trur ikkje det, men ein gong på vidaregåande kræsja eg i ein stolpe fordi eg var opptatt med å sjå på ein kjekkas. Mista brillene i golvet. Meeeget pinlig.
33. Blitt arrestert: heldigvis ikkje!
34. Grått når nokon har dødd: meir enn éin gong.
35. Likt en venn som er gutt: ja.

TRUR DU PÅ:
36. Deg sjølv: eg prøvar!
37. Englar: ja.
38. Himmelen: ja.
39. Spøkelse: nei, trur ikkje det altso.
40. Nissen: hehe, nei.
41. Kyssing på første date: okej, da.
42. Kjærleik ved første blikk: ja.

Photobucket

SVAR HEILT ÆRLIG:
43. Er det ein person du har lyst til å vere saman med akkurat no: Eric Northman, men det er berre fordi eg fortida lev meg inn i True Blood, og fordi eg ikkje tør heilt enda å svare ja på dette spørsmålet.
44. Hatt meir enn ein kjæreste av gangen: det er vel meir enn nok med ein?
45. Trur du det er mulig og vere trufast for alltid: ja.
46. Kva er den eine tingen du ikkje kan leve uten: kjærleik. Uansett.

Photobucket

6 kommentarer:

Anonym sa...

BloggAnna :D håpe du vinne i lotto å starta kafé!!

Birte sa...

Ej mæ lika listene dine, å longe innlegg :)))
BTW:
hahahahahhaa!!! skulle ønske ej fekk me mej de videregåande øyblikke! hehehee..

sigg sa...

Hahahahahah!! Eni me birte!! Skolda vår filma!!
Flira godt ta ditte innlegge!.. å kjønn KAN DU NOK IKKJE VELGE NEEEIIIII (helsing bitter fotballag mor) tihi, neida... (joda)..
dessuten...d ekje han mr bean..d e han english! ;D

Maria sa...

Fyttikatta.






:D

Anonym sa...

Ej e veldi fornøgde me at du ikkje skal ha ekte pels Annafin :)He forresten samme jakke som du ! I svart.

K. sa...

Dette var mye gøyere å lese enn statistikk! :D