fredag, februar 12, 2010

God helg!

No har eg jammen meg overlevd mi fyrste praksisveke, og eg har seks igjen. Og eg ser ikkje så mørkt på det som eg gjorde fyrst. Denne praksisperioda her får eg nemlig meir ansvar, og eg får vere med på meir spennande ting. Men det er slitsomt også, i allefall når eg har fast arbeidshelg på Hareid sjukeheim ei helg i månen. Og det har eg no denne helga. Menmen. Eg skal kose meg når eg har fri. I går baka eg muffins i fine stjerneformer, og mine nye roseformer. Og so farga eg håret mitt. Du skal ikkje sjå vekk i frå at det kjem bilder seinare. Men no kom Eliah-bestevennen min utkledt som ein tiger. God helg!








onsdag, februar 03, 2010

Heartbreak Warfare


Eg er litt forelska i John Mayer om dagen.
(Litt fordi han har tatoveringar på heile arma, og litt fordi han syng so fint, og litt fordi han er så søt. Og han får meg til å tenke på våren og lysare tider.)

Denne songen druknar eg i:

When you hit me, hit me hard.



Denne songen er fin, med Röyksopp og Lykke Li:

I miss it so much, no button to touch.



Ho her får meg til å flire høgt:
gif maker


Slik ser fridagane mine ut:





Og slik ser kveldane mine ut:



måndag, februar 01, 2010

Til Maria - del 2

I dag, heilt uten vidare, fekk eg ein fin pakke i posten. Søte Maria sendte ein overraskelse til meg, og ingenting anna kan lyse opp dagen min på same måten som kjekk post gjer. Brev er kraftig undervurdert. I dag fekk eg ikkje brev, men en liten forundringspresang frå Monki. Inni pakken, som forøvrig var veldig godt forsøkt anonymisert, låg eit fint perle-sløyfe-smykke og ei hårbøyle! Tusen takk, Maria!! Du gjer meg glad. :)