fredag, februar 12, 2010

God helg!

No har eg jammen meg overlevd mi fyrste praksisveke, og eg har seks igjen. Og eg ser ikkje så mørkt på det som eg gjorde fyrst. Denne praksisperioda her får eg nemlig meir ansvar, og eg får vere med på meir spennande ting. Men det er slitsomt også, i allefall når eg har fast arbeidshelg på Hareid sjukeheim ei helg i månen. Og det har eg no denne helga. Menmen. Eg skal kose meg når eg har fri. I går baka eg muffins i fine stjerneformer, og mine nye roseformer. Og so farga eg håret mitt. Du skal ikkje sjå vekk i frå at det kjem bilder seinare. Men no kom Eliah-bestevennen min utkledt som ein tiger. God helg!








12 kommentarer:

Maria sa...

God helg, søte du! Takk for brev!

Anna Josefin sa...

God helg! gle mej på svar! :D

Karoline sa...

ej blir Gla når Anna he laga blogginnlegg!! :D

god helg kjære! <3

Ingunn sa...

God helg kjære Anna :)

Biiiirte sa...

farga håre no?:D må legge ut bilde :)

Anonym sa...

Eg likte den der kvite arktiske tingesten

Maria sa...

GOD HELG! (les: ønsker oppdatering)

Svenn-Erik sa...

Ej kan huske at du he god musikksmak, Anna. Å når ej fyrst ramla innom her, so legge ej like godt igjen eit lite spor + en musikkvideo av singelen Ambling Alp av gruppa Yeasayer. Ej hekje hørt på dei før, men likte dinne nye songen. Ganske stilig. Ha en fin kveld!

http://prettymuchamazing.com/music/yeasayer-ambling-alp-music-video-nsfw

Anna Josefin sa...

hei svenn:)
hehe, kjekt! ska sjekke dei ut!
alt bra me dej?

Svenn-Erik sa...

Ja du må sjekke ut dinna songen. "Madder Red" va heller ikkje so verst. Berre velstand her. Gjenge sisteåret økonomi i bergen (bachelor) å vurdera å ta fatt på master i samme slengen :) Der da?

Anna Josefin sa...

jenge fyrste åre sjukepleia i ålesund.. :) omsider!! he gått ymse anna i oslo å volda da..men no he ej bjunt på utdanninga for real! ;) hehe.. men lika mej, e kjekt! mykje praksis! master mæ i bergen da? eller en anna plass?

Svenn-Erik sa...

Det skal ikkje ver lett å finne sin plass, men det bra at du he komt på rett plass no da!:D Ej tippa det blir master her i Bergen ja, sjøl om det hadde vår kjekt å testa ut en annen plass. Men trivst sopass godt at ej skal klare å holde ut to år til;)