Siste skuledag før vi drog ut i praksis, sa eg at eg gledde meg slik til at når vi kom tilbake på skule, var det vår og sol og tørre vegar og lave sko. No er eg straks ferdig med mi fjerde praksisveke, og eg har tre igjen. Altso over halvvegs. I dag tidleg når eg vakna, var det heilt kvitt i lufta, og det hadde snøva i allefall 15 cm meir. Eg sei ikkje meir om den saken.
For øyeblikket står radioen på og Jackie søv. Eg tenker at eg burde jobba med pleieplanen, men i staden for skal eg sjå Om Forlatelse (for ein fin film!) og gløyme at eg er sur på snøven og kulda ute. Men på den lyse sida har eg endelig fått selskona eg har jakta så lenge på! (Eg har skrive om dei tidlegare, les her!) Min kjære onkel på Ishavsmuséet bestilte dei inn, så der kan dokke andre også kjøpe om det skulle vere av interesse. Eg er i allefall storfornøgd, og eg sa til Sigrid at no var skosamlinga mi komplett (!!) og at eg ikkje skulle kjøpe sko på lenge (!!!). Dette var før eg kom på at eg skal jo ha meg seilarsko til våren. Jaja. Våren kjem sikkert ikkje før etter 17. mai uansett, og fram til då skal eg leve i selskona. Seriøst det beste føta mine har hatt på seg altso.
Andre nyheite frå livet mitt:
♥ i kveld skal eg på kino for å sjå New York, I Love You. Gler meg.
♥ neste helg kjem Karianne på besøk!!!! Jippi, kor eg gler meg!!!!
♥ forrige helg såg eg 500 Days of Summer. Den var søt og fin og spesiell. Sjå den!
♥ var kordame til Inger Lise Rypdal då ho hadde konsert her i kirka på onsdag, det var veldig kjekt!!
♥ no og då går det av og til folk forbi på tur på den store marka bort om huset vårt. I det siste har det sprunge ein liten hund der, laus, i lag med eigarane sine sikkert. Kvar gong eg ser den, sender eg Jackie ut i band i håp om små miniatyr-Jackie-kvalpar. :D (Uten hell så langt. Lisje hunden stikk berre, trur ikkje Jackie er så flink til å lokke den til seg.:( )
♥ eg har vorte pensjonist før tida (mamma sine ord....). Eg har lagt min elsk på kryssordblad. Og kamferdrops. Og lohengren. Og operamint. Ok, ser den.
♥ hittil har eg vore med på to dødsfall i løpet av desse praksisvekene. :(
♥ eg har lagt min elsk på Matthew Gray Gubler. Han søte nerden frå Criminal Minds. Han spelar også i 500 days btw.
♥ 500 Days Of Summer
♥Om Forlatelse:
♥ Og til sist:
Aaaaw! Gler meg til bryllup! :D
5 kommentarer:
Ååååååååååååååååå :D
JA det blir bra! HIPP HURRA!
Fin blogg Anna, fikk lyst til å se de filmene:) Han fra Criminal Minds er kul og kjekk ;) god helg!
ej mæ vil ha selsko..allti vår misunneli på mamma sine!!
men han i criminal minds e ikkje kjekk! beklager asso! :P
hehe henriette!! du fæ kjøpt på musee ;)
JO, han e søte!!
Jeg gleder meg også til august!
Syns ho jenta i sommerfilmen er søt jeg, har sett en annen film med ho i (husker ikke hvilken, ho spilte en litt rar jente som var sjef for en joggende fotoklubb).
Veto og jeg ønsker deg velkommen til Oslo, der fortauene endelig begynner å riste av seg is og snø, og Troels synger om å si ja.
Maria; så kjekt med forlovelse! Er filmen "Yes man"? Anna, eg blir så glad av bloggen din:)
Legg inn en kommentar