fredag, mars 26, 2010

Hei!

Eg og John Mayer sit på stua, mens det regnar ute. Eg har dusja, og tatt på meg dei nye Primark-øyredobbane eg fekk med søte Birte då ho kom frå London. Eg er veldig veldig sleten. Men no har eg påskeferie. Eg har gjennomført sju veker med praksis på sjukeheim, hadde mi siste vakt i går. Det var vemodig! Alle dei søte pasientane sa dei kom til å savne meg, og alle kjekke pleiarane har tatt så godt i mot meg! Eg har hatt det veldig bra i denne praksisperioda. Men eg skal ikkje nekte på at det var godt med to veker med ferie no. :) Seinare skal eg og mamma til Ørsta/Volda å hente nye stolar til stua. Og i kveld skal eg på kino å sjå Shutter Island. Gler meg!! Leonardo, mannen i mitt liv, skuffar nok ikkje.
Kan forresten melde om at Jackie fortsatt ikkje er gravid. Sjølv om ho har vore ute på tokt på eiga hand to gongar i det siste. Siste gongen fann eg ho i lag med to andre hundar. Gosh!
Hadet!

gif maker

3 kommentarer:

Arne sa...

3 punkter me utropstegn:

- Skitne Jackie!

- Fint bilde/bilder!

- Eg like at du trives i praksis!

Maria sa...

Jeg holder med Arne.
Også kan jeg legge til:
- Hurra for påskeferie!

team edward sa...

stua va helt FLOTT