onsdag, mai 23, 2012

summerloving

Photobucket

Photobucket

Det er 16 grader ute kl 21.30. Eg har eplejuice og nyplukka blomstra på nattbordet, og snart skal eg gå og åpne pakken med bamsemums. I morgon har eg fri, og i tillegg får eg treffe Kronprinsparet på kvelden. Det kan vel ikkje bli stort betre då, ein sein onsdagskveld i mai.

Eg har også laga ei ny speledeleliste til oss! Den lista skal vere fylt av songar som er deilig å høyre på i hagen, under dyna, på stranda, ein regnversdag eller ein altfor varm dag, eller når ein berre kjenner kor det prikkar i heile kroppen, av sommar og kjærleik.
Gå inn og legg til musikk da. :) Og nyt kveldane og dagane, og ikkje gløym å
smil til ein som treng det.

  http://picasion.com

fredag, mai 18, 2012

to fall is connected to try



Jaja, folkens. Nasjonaldagen kom og for. Som alle andre dagar. Er det slik at tida går, eller at tida kjem til oss? Det er i allefall fredag, eg har kaffi og raud hettejakke, det er litt sol ute mens det er ganske mørkt inne. På innsida. Då er det ekstra fint med slike folk som Mikhael Paskalev som dansar rundt i trusa. Og i tillegg har bart. Så for denne dagen også komme og gå, og i morgon er det ein heilt ny dag som kjem.

Photobucket


fredag, mai 11, 2012

when we talk i often fantasize what we would do losing our minds

TGIF, right? Sola forsvann her, men det gjer ikkje så mykje når ein kan ha How I Met Your Mother-maraton, vannmelon og iskald pepsi max i starbuckskoppen. Det er det eg har brukt denne fredagen til så langt. Og mykje kan jo skje enda. Det er ein fin følelse, og ikkje heilt vite kva dagen bringer. Eg likar å sjå i dagboka mi, på alle dei sidene som står blanke framover. Lure på kva eg kjem til å skrive der, fylle dagane med. Og ein anna ting eg elskar, er følelsen du får når du høyrer du får ei tekstmelding, men ikkje veit kven det er frå. Då brukar eg å tenke kven eg aller helst vil den skal vere frå, og kva han eller ho skriv til meg akkurat no. (Då er det ganske nedtur dersom det er kampanje frå Cubus eller noke slikt.) Men du skjønar kva eg meinar. Det er ein deilig følelse, prøv det neste gong du får ei melding!

 Over til noke heilt anna. Du skal nemlig få det finaste tipset du kjem til å få i dag, akkurat her og no. Ingunn Ekern, ei av mine aller beste venninder, har i lag med systra si, Astrid, starta ei gruppe. Astrid & Ingunn. (Gå inn her og lik sida deira!) Eg er så imponert og stolt over dei, for dei er flinke til det dei driv med.
  Photobucket

Sjekk ut deira urørtprofil, der finn du nokre av songane deira. Under her kan du høyre den nyaste songen "With both hands", min favoritt. Den er så hjerteskjerande fin!
 

Ein ting til! No er astrid & ingunn med i ein konkurranse om å få spele på Øyafestivalen. Det hadde vore ekstremt kult om dei vant, og eg veit at dei blir veldig glade om du legg igjen ei stemme på dei! Her kan du gå inn å stemme på dei. Dei fortjenar slik at fleire oppdagar dei, tenk, du kan vere med på å oppfylle ein draum!
Er ikkje det fint så veit ikkje eg.
Photobucket

torsdag, mai 10, 2012

sitronbrus og rosa lepper

Har du tenkt over at det går fly over heile verda kvar einaste dag, at du kvar dag har ei muligheit til å kome deg dit du har mest lyst? Er ikkje det ein fin tanke vel? At du har den muligheita kvar dag. Du kan eigentleg gjere alt du har lyst til, berre ein tør, planlegg litt, og har mot nok til å leve og oppleve alt du drøymer om. Og har du tenkt over at Ashton Kutcher faktisk er kjempefin med langt hår og skjegg i filmen "New years eve"? Eller at syrinane snart blomstrar, og at dei heiter lilac på engelsk? Og at sitronbrus faktisk er ganske godt, berre ein kjem på å kjøpe det? Det er slike ting eg tenker på når sola skin ute, spelelista lyse netter står på, hjertet bankar og leppene er rosa. Ha ein fin dag :) how to make an animated gif
Photobucket Photobucket

onsdag, mai 09, 2012

one moment i have you the next you are gone

Photobucket Photobucket Photobucket Photobucket Photobucket

  //regn som luktar godt, luft som er varmare, vår, songar som gjer at det kriblar litt i heile kroppen, ein fin latter, auger som ser deg (og kun deg), å nynne når ein trur ingen høyrer på, rosa neglelakk på tånegla, kvite sengeklede, sjokolademelk, kjærleik. Slike ting som er fint på ein sein onsdagskveld i mai. It's true I crave you.

tysdag, mai 08, 2012

Ishavet

Hei partypeople! Eg veit det kanskje er litt dårleg stemning blant min store hærskare av lesarar grunna relativt laber oppdatering her inne. Men vinden kom og tok meg med til eit nytt kapittel i livet mitt! Og då må ein jo nyte det litt. Min aller største draum i livet er jo, som mange kanskje veit, å sjå polisen. Å reise til arktis, til magien, historia, heltane og isen. I går kveld var eg både til vestisen, austisen, grønland og til og med ned til sydpolen ein tur. I lag med fleire kjekke menn til og med. Det var rett nok gjort på ein times tid, og innanfor fire veggar, men det slo meg at eg på ein måte faktisk har komt til ishavet. Eg er dagleg omringa av slekta mi si historie, om heltebragdar og fantastiske bilder av isen, skutene, ver og vind. Eg har begynt å jobbe på Ishavsmuseet. Ishavsmuseet som eg er så glad i, der eg omtrent har vakse opp, men aldri heilt innsett verdien av. Før no. For om ikkje eg og min generasjon snart lærer seg historia og viser interesse for dette, så er det ingen som kan fortelle det vidare når gamlekarane ikkje er her meir. Så her er eg, i lag med både Nansen og Amundsen, og dei andre lokale heltane. På ishavet. Og om du vil besøke det flotte muséet, skal ikkje du sjå vekk i frå at du treff meg med nysteikte vafler klar. ;) Mine dagar på havet har sett omtrent slik ut: picasion.com/webcam-to-gif
Og ikkje nok med det, eg har også vore på guidekurs. Så i går guida eg mi fyrste gruppe rundt og fortalte historia. Historia som eg er så stolt av å ha flytande rundt i årene mine. Det gjekk bra, det blei godkjent, eg fekk applaus, og som takk fekk eg til og med ei gåve med dei kjekke besøkande. Ishavet leverar! Photobucket Ellers, kan eg nemne at sidan forrige innlegg har eg vore i London i lag med mamma, ein veldig koselig tur! Eg har også begynt å jobbe litt (som sagt), vore i barneselskap, konfirmasjon og andre festligheiter. Og ikkje minst, eg har flytta! Mitt eige hus, mine ting, pussa opp litt, dobbeltseng og god sofa. Det er heilt enormt! Tenkte at det kunne kome meir av det i eit eige innlegg. Høyres ikkje det ut som ein deal? Jo. Men ein liten smakebit kan du få! Photobucket Ja, no er vi komt til mai, det er vår (og litt snøv no og då), livet har starta litt på igjen og sjølv om det for meg er uvant å ha ein "kvardag", er det veldig deilig. Det er viktigare no enn noken gong, å ta ein dag om gongen, og nyte livet når det er bra. Å glede seg over dei små tinga som gjer ein dag bra, og helder takle dei dårlege dagane når dei kjem. For dei kjem dei også. Men om ein skal gå å bekymre seg over alle stormane, går ein glipp av solskinnsdagane. Husk det, alle fine! Og håper at alle mann har ein fin dag, enten det er eksamenslesing eller jobbing eller russetid eller berre ein vanleg tirsdag. Smil litt, set på denne sangen (mennene i mitt liv), gi ein klem, gå ein tur. Eller berre ligg på sofaen å sjå ein koselig film. Det skal ikkje så mykje til. Eg skal i selskap til finaste Fillip, som fyller 2 år i dag. Hurra :) Photobucket Photobucket Photobucket