Har du tenkt over at det går fly over heile verda kvar einaste dag, at du kvar dag har ei muligheit til å kome deg dit du har mest lyst? Er ikkje det ein fin tanke vel? At du har den muligheita kvar dag. Du kan eigentleg gjere alt du har lyst til, berre ein tør, planlegg litt, og har mot nok til å leve og oppleve alt du drøymer om. Og har du tenkt over at Ashton Kutcher faktisk er kjempefin med langt hår og skjegg i filmen "New years eve"? Eller at syrinane snart blomstrar, og at dei heiter lilac på engelsk? Og at sitronbrus faktisk er ganske godt, berre ein kjem på å kjøpe det? Det er slike ting eg tenker på når sola skin ute, spelelista lyse netter står på, hjertet bankar og leppene er rosa. Ha ein fin dag :)
5 kommentarer:
:) Ha en finfin dag du og! <3
Rosa lepper!! :D Steikje klar for mattelæring no!!
oscar sylte sitronbrus??? den e best! ;)
Love
den brusa minne mej alltid om det året med grendacup då vi kjøpte det, Karoline :) og ja, den e best!
Glad i deg, søtnos!
Legg inn en kommentar