Over til noke heilt anna. Du skal nemlig få det finaste tipset du kjem til å få i dag, akkurat her og no. Ingunn Ekern, ei av mine aller beste venninder, har i lag med systra si, Astrid, starta ei gruppe. Astrid & Ingunn. (Gå inn her og lik sida deira!) Eg er så imponert og stolt over dei, for dei er så flinke til det dei driv med.

Sjekk ut deira urørtprofil, der finn du nokre av songane deira. Under her kan du høyre den nyaste songen "With both hands", min favoritt. Den er så hjerteskjerande fin!
Ein ting til! No er astrid & ingunn med i ein konkurranse om å få spele på Øyafestivalen. Det hadde vore ekstremt kult om dei vant, og eg veit at dei blir veldig glade om du legg igjen ei stemme på dei! Her kan du gå inn å stemme på dei. Dei fortjenar slik at fleire oppdagar dei, tenk, du kan vere med på å oppfylle ein draum!
Er ikkje det fint så veit ikkje eg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar