tysdag, mai 08, 2012

Ishavet

Hei partypeople! Eg veit det kanskje er litt dårleg stemning blant min store hærskare av lesarar grunna relativt laber oppdatering her inne. Men vinden kom og tok meg med til eit nytt kapittel i livet mitt! Og då må ein jo nyte det litt. Min aller største draum i livet er jo, som mange kanskje veit, å sjå polisen. Å reise til arktis, til magien, historia, heltane og isen. I går kveld var eg både til vestisen, austisen, grønland og til og med ned til sydpolen ein tur. I lag med fleire kjekke menn til og med. Det var rett nok gjort på ein times tid, og innanfor fire veggar, men det slo meg at eg på ein måte faktisk har komt til ishavet. Eg er dagleg omringa av slekta mi si historie, om heltebragdar og fantastiske bilder av isen, skutene, ver og vind. Eg har begynt å jobbe på Ishavsmuseet. Ishavsmuseet som eg er så glad i, der eg omtrent har vakse opp, men aldri heilt innsett verdien av. Før no. For om ikkje eg og min generasjon snart lærer seg historia og viser interesse for dette, så er det ingen som kan fortelle det vidare når gamlekarane ikkje er her meir. Så her er eg, i lag med både Nansen og Amundsen, og dei andre lokale heltane. På ishavet. Og om du vil besøke det flotte muséet, skal ikkje du sjå vekk i frå at du treff meg med nysteikte vafler klar. ;) Mine dagar på havet har sett omtrent slik ut: picasion.com/webcam-to-gif
Og ikkje nok med det, eg har også vore på guidekurs. Så i går guida eg mi fyrste gruppe rundt og fortalte historia. Historia som eg er så stolt av å ha flytande rundt i årene mine. Det gjekk bra, det blei godkjent, eg fekk applaus, og som takk fekk eg til og med ei gåve med dei kjekke besøkande. Ishavet leverar! Photobucket Ellers, kan eg nemne at sidan forrige innlegg har eg vore i London i lag med mamma, ein veldig koselig tur! Eg har også begynt å jobbe litt (som sagt), vore i barneselskap, konfirmasjon og andre festligheiter. Og ikkje minst, eg har flytta! Mitt eige hus, mine ting, pussa opp litt, dobbeltseng og god sofa. Det er heilt enormt! Tenkte at det kunne kome meir av det i eit eige innlegg. Høyres ikkje det ut som ein deal? Jo. Men ein liten smakebit kan du få! Photobucket Ja, no er vi komt til mai, det er vår (og litt snøv no og då), livet har starta litt på igjen og sjølv om det for meg er uvant å ha ein "kvardag", er det veldig deilig. Det er viktigare no enn noken gong, å ta ein dag om gongen, og nyte livet når det er bra. Å glede seg over dei små tinga som gjer ein dag bra, og helder takle dei dårlege dagane når dei kjem. For dei kjem dei også. Men om ein skal gå å bekymre seg over alle stormane, går ein glipp av solskinnsdagane. Husk det, alle fine! Og håper at alle mann har ein fin dag, enten det er eksamenslesing eller jobbing eller russetid eller berre ein vanleg tirsdag. Smil litt, set på denne sangen (mennene i mitt liv), gi ein klem, gå ein tur. Eller berre ligg på sofaen å sjå ein koselig film. Det skal ikkje så mykje til. Eg skal i selskap til finaste Fillip, som fyller 2 år i dag. Hurra :) Photobucket Photobucket Photobucket

6 kommentarer:

Annika sa...

Smeis kor tøff du e då, som alt he guida! Grattis!! :D

Anna Josefin sa...

Takk! :D ej va ut å såg na Harald på fredagen, so tok ej gruppa mandag :) kjekt å ver ferdig med fyrste gongen!

Henris sa...

Flinke du e da! :) då må ej visst på ishavsmuseet i sommar!

Annika sa...

Ja, det va no berre supert då! Ej trenge eit par ekstra tima i døgnet, men utover det he ej mæ kjempelyst! Skal nok bli...

karoline sa...

Lika at du blogga igjen, lika at du he guida, lika at du smila!

smask

Anna Josefin Jønsson sa...

ej lika DEJ! <3