
Og ikkje nok med det, eg har også vore på guidekurs. Så i går guida eg mi fyrste gruppe rundt og fortalte historia. Historia som eg er så stolt av å ha flytande rundt i årene mine. Det gjekk bra, det blei godkjent, eg fekk applaus, og som takk fekk eg til og med ei gåve med dei kjekke besøkande. Ishavet leverar!
Ellers, kan eg nemne at sidan forrige innlegg har eg vore i London i lag med mamma, ein veldig koselig tur! Eg har også begynt å jobbe litt (som sagt), vore i barneselskap, konfirmasjon og andre festligheiter. Og ikkje minst, eg har flytta! Mitt eige hus, mine ting, pussa opp litt, dobbeltseng og god sofa. Det er heilt enormt! Tenkte at det kunne kome meir av det i eit eige innlegg. Høyres ikkje det ut som ein deal? Jo. Men ein liten smakebit kan du få!
Ja, no er vi komt til mai, det er vår (og litt snøv no og då), livet har starta litt på igjen og sjølv om det for meg er uvant å ha ein "kvardag", er det veldig deilig. Det er viktigare no enn noken gong, å ta ein dag om gongen, og nyte livet når det er bra. Å glede seg over dei små tinga som gjer ein dag bra, og helder takle dei dårlege dagane når dei kjem. For dei kjem dei også. Men om ein skal gå å bekymre seg over alle stormane, går ein glipp av solskinnsdagane. Husk det, alle fine! Og håper at alle mann har ein fin dag, enten det er eksamenslesing eller jobbing eller russetid eller berre ein vanleg tirsdag. Smil litt, set på denne sangen (mennene i mitt liv), gi ein klem, gå ein tur. Eller berre ligg på sofaen å sjå ein koselig film. Det skal ikkje så mykje til. Eg skal i selskap til finaste Fillip, som fyller 2 år i dag. Hurra :)
6 kommentarer:
Smeis kor tøff du e då, som alt he guida! Grattis!! :D
Takk! :D ej va ut å såg na Harald på fredagen, so tok ej gruppa mandag :) kjekt å ver ferdig med fyrste gongen!
Flinke du e da! :) då må ej visst på ishavsmuseet i sommar!
Ja, det va no berre supert då! Ej trenge eit par ekstra tima i døgnet, men utover det he ej mæ kjempelyst! Skal nok bli...
Lika at du blogga igjen, lika at du he guida, lika at du smila!
smask
ej lika DEJ! <3
Legg inn en kommentar