tysdag, desember 29, 2009

Ååå. :)


Min favoritt er når Kåre Magnus syng "jula er å ta av seg lua".
Og Wilhelm då sjølvsagt.

måndag, desember 28, 2009

Story of my life!

No er det 4. juledag allereide. Eg syns jula har gått kjempefort!
I går var eg på legevakta. Har fått bihulebetendelse og øyreverk.
Ahhhhhhh. As usual. Det minst kjekke ein kan få når det er romjul.
Menmen. Fekk jo medisin, so er bedre i dag. Drista meg til og med ned i hallen, der det er Grendacup no. (Sjå-og-bli-sett-og treffe gamle kjente og ellers henge-cup.) Men no er eg tilbake i sofaen, der eg har oppheldt meg dei to siste dagane. Eg har kun røyst meg opp for å skifte film i dvd-spelaren. Eg skal innrømme at det ikkje er so aller verst når Leonardo DiCaprio (mannen i mitt liv) og Seth Cohen held meg med selskap. No er eg ferdig med The OC, og skal begynde på Heroes.




(Photobooth skuffar aldri. Ny effekt. Stilig.)

Har du hatt ei fin romjul? Har du fått noko fint i julegåve? Tell me more.

fredag, desember 25, 2009

1. juledag

Ein fin kveld i går, både på sjukeheimen og heime med Sigrid. På sjukeheimen var det berre tre pasientar att på avdelinga. Vi spiste twist og kaker, julemiddag og dessert. Vi las juleevangeliet og song Deilig er jorden. Ei fin stund! Etterpå drog eg til Sigrid og spiste restar der, sidan dei var ferdige å spise. Eliah var i slaget med alle presangane, og eg fekk mykje fint eg óg.
I dag kjem familia hit på middag. Koseleg med jul syns eg.

I dag er Jackie 1 år! :) Hurra!
Ho fekk sjølvsagt julegåve i går; to griseøyrer.
I dag har ho fått bursdagskake.
Eg har børsta ho, og tatt bilde av ho og juletreet.
No snorkar ho under bordet.
Eg sit i ny joggebukse og gensar, mamma fyrar i peisen.
Polarekspressen er på tv, Stormfulle høyder ligg på bordet, og skålene er fylt opp med sjokolade.

Ha ein fin juledag. :)




torsdag, desember 24, 2009

24. desember

Eg veit at juleafta er komen når eg vaknar tidleg og ikkje klarer å ligge lenger. Den dagen i året barne-tv er kjekt, og eg har dyna på stua og godteri til frokost. Graut til lunsj, og årets beste middag seinare. I år skal eg jobbe nokre timar på sjukeheimen også, men kjekt å vere i lag med dei også.
Håper dokke får ein fin kveld og ei fredelig julefeiring.
God jul! :)


onsdag, desember 23, 2009

23. desember

Dagen før dagen..:)

Eit utdrag frå ein samtale med ein spent 3-åring:

Anna: Åå, i mårga e det jul, Eliah!!
Eliah: Sei du det..?
(...)
Anna: Gle du dej til i mårga da?
Eliah: Ja, ej gleda mej som en... ehm... en... ahh.. en sann edderkopp (vise fram Pokémon-figuren sin).
Anna: Ka du skal gjer i mårga da?
Eliah: Ho mamma skal gi mej en sann.. eh... en sann vanlig edderkopp. (vise fram Pokémon-figuren sin).
Anna: Trur du julenissen kjøme?
Eliah: ja. Han kjøme klokka fem og klokka seks. Med et sant juletre.

(...)

Anna: Off. Ej vækje ka ej skal ha på mej i mårga!
Ka du skal ha på dej?
Eliah: Ej tru ej skal ha på mej en kjole. Finekjolen min.
Kan du ha på mej meir neglelakk?
Anna: Skal du pynte dej sann da?
Eliah: Ja, ej skal pynte mej me litt glitter.



tysdag, desember 22, 2009

måndag, desember 21, 2009

21. desember

På macen har eg ganske monge bilder som eg flirar HØGT av.
Her får du ein smakebit. Kos deg! :D







(Flira ekstra godt av det øverste bildet)

søndag, desember 20, 2009

20. desember

Kvifor ein må elske det glade 80-tal/90-tal:

(Mamma, pappa, tante hilde, tante barbro.)

(Meg og Sigrid på hytta.)

(Meg og Sigrd (med herleg hockey).)

laurdag, desember 19, 2009

19. desember


2 dagar til ho beste kjem til Hareid. :)
Karoline har vore i Australia sidan i fyrsten av juli, og no gler eg meg enormt til å få henne heim!

Ellers har vi vaska gølvet, og vi har børi ved. Ingen tvil om at juleferien er i gong, og at jula nærmar seg for real. Men før den tid skal eg jobbe litt, handle litt, synge litt og vere i lag med dei som kjem heim til jul. Og flire HØGT og lenge av denne:
(spesielt slutten!)

fredag, desember 18, 2009

18. desember

JULEFERIE! O lykke.

Dette har gjort meg glad i dag:
- at eg hadde ekstra god tida i dag tidleg og kokte té til frokosten
- Jackie som har begynt å "prate" når ho strekker seg
- bilturen heim etter eksamen då det begynte å snøve, med Phoenix - Lisztomania høgt på
- åpne Woman som kom i posten for nokre dagar sidan, som eg har spart til i dag
- henta ein kjempeliten nisse i barnehagen
- at den kjempelisje nissen sa her en dag: "ej hekje spist kake
på 103 år!"
- eksamenslesinga i kjellarstua har vorte bytta ut med
Guitarhero og julekaker
- tanken på at det er ferie, og at eg er ferdig med 1. semester på sjukepleia. Eit klapp på skuldra til meg.

torsdag, desember 17, 2009

17. desember

Siste innspurt før eg får juleferie i morgon. :)
I bakgrunnen syng Bjørn Eidsvåg, og brått kom det ein song som fekk meg til å legge ned bøkene. Fekk frysninga.
Den heiter "til alle tider". Fint, kva?
Eg fekk i allefall noko å tenke på på ein torsdag.


Til Alle Tider av Bjørn Eidsvåg

En tåre renner fra ikonet
en mager mann med tornekrone
grepet ser jeg ned
min tro mitt håp min fred
jeg ser hva jeg har gjort
og legger kronen bort
straffen lå på deg
skammen bærer jeg

Et ord, en mann, et speil, en gåte
forundret ser jeg speilet gråte
så lite tro jeg har
jeg overhører svar
jeg trodde det var meg
som skulle redde deg
skamfull ser jeg ned
det var du som led

En mager mann som stille lider
evig Gud til alle tider
i himmel og på jord
min frelser og min bror
jeg ser hva du har gjort
og legger kronen bort
straffen lå på deg
nåden bærer meg

onsdag, desember 16, 2009

16. desember

I dag har eg vore på jobb, og ikkje lest nokonting.
Etter jobb var eg og mamma ein tur i vik, noko som resulterte i nye sko på halv pris, og julegåve til Jackie.
Merkar eg snart må begynde på lesinga no. Eksamen er tross alt på fredag. LOL.



Jackie sei hei.

tysdag, desember 15, 2009

måndag, desember 14, 2009

14. desember



Då er det mandag igjen, og på fredag har eg juleferie. Eg ser so absolutt lyset i enden av pensumtunellen! :D
I dag baka eg scones til frokost, tende lys og kosa meg med Seth Cohen og resten av gjengen i OC.
No skal eg kanskje sjå litt på kva eg skal lese på til den siste eksamenen.
Seinare skal eg på besøk til ein organist for å øve til i morgon, eg skal nemlig synge i begravelsen. (Til Sigrid sin svigerfar..)

søndag, desember 13, 2009

13. desember

I dag har eg Tearin' up my heart av N*SYNC på hjerna. (lol.)
I dag har eg ulike fargar på negla. (Og konditorfarge på fingrane.)
I dag har eg mala julemenn. Flotte herrar med smoking, kattar, fine grisar med sløyfer og éi (!) uanstendig dame. Mamma sa: du må male ein med ASAP på. Så det gjorde eg,
I dag er ein finfin søndag for meg.
I dag skal eg på seinvakt kl 16. Gler meg. :)
I dag er det 5 dagar til juleferie.
I dag har eg tatt bilde av det vesle mini-juletreet som eg har på rommet mitt.





laurdag, desember 12, 2009

12. desember

So we said the words that we kept for worrying times.

fredag, desember 11, 2009

11. desember

JIPPI! HURRA! HALLELUJA! JESS JESS JESS!! :D

Den verste eksamenen i manns minne er overstått. (Og eg trur eg fekk svart sopass at eg i allefall skal klare å stå.)
Eg fekk om gallesaltet sin funksjon på feittfordøyelsen, nefron, hemoglobinnivået, reninar, angiotensin og andre KJEDELIGE ting. Eg så hadde pugga på musklar og skjelett, eg kunne alt! Men neida.
Aldri meir sei eg berre. (Håpar eg.)

No er det HELG og eg skal nyte den som aldri før i lag med gamlingane mine på sjukeheimen. :)
7 dagar til juleferie! Det skal eg vel klare å holde ut. No har eg komt over den enorme kneika i studiet!

JIPPI!!

torsdag, desember 10, 2009

10. desember

Om å vere medlem i Amnesty:

For eit par år sidan starta SMS-kampanja til Amnesty International. Eg tenkte at dette var jo ein veldig enkel måte å støtte ei god sak på. Så eg melde meg inn, og fekk Sigrid også med meg. Det inneberer at du får ei tekstmelding ein gong i veka (eller annakvar veke, litt usikker der altso) der det står om ein person som er trua, under tortur, på vei til å bli hengt, eller andre fæle ting. Og ved å skrive navnet ditt som svar, er du med på ein appell for å få stoppa dette. Ein gong fekk eg faktisk eit brev i posten om at eg hadde vore med på å sette fri ein mann! Men eg skal ærleg innrømme at det er ofte eg slettar meldinga utan å gjere noke meir med det. Trur det kostar ca 5 kr for kvar gong du mottekk ei slik melding, så du støttar uansett om du svarar eller ikkje.
Ein sjeldan gong grip engasjementet meg, og eg føler meg som ein menneskerettbekjempar når eg sendre inn appell.

I går var eg ein slik tøff bekjempar.

Meldinga gjekk ut på at Amnesty og meg skulle be president Obama om å stoppe tortur og stenge Guantanamo.
Dette hørtes jo flott ut. Eg sendte melding. Ansiktsuttrykket mitt skulle vore filma då eg fekk svaret i ei ny melding ca 30 sekund etterpå. Slik laud meldinga:

"Tusen takk for din deltagelse! Din underskrift fakses til statsministerens kontor under Obamas møte med Stoltenberg torsdag."

Eg såg for meg at midt under ein viktig samtale mellom desse to, skulle ein faks brått begynde å bråke og printe ut ei ark der eg, Anna Josefin Jønsson frå vesle Hareid, ba verdens mektigaste mann om å stoppe all tortur i verda.
Ingen skal nokon gong få sei at eg ikkje kjempar for mine medmennesker altso.
Heilt tilfeldig slo eg på NRK1 akkurat i det presidenten og statsministeren gjorde seg klar til å starte møte på statsministerens kontor. Men så fekk dei ikkje filme lenger. Eg må for alltid leve i uvissheit om korleis desse to reagerte då faksmaskina tok til å bråke.

(Eksamen i morgon, wish me luck!)

onsdag, desember 09, 2009

9. desember

Denne lesinga tek knekken på meg altso. Det er ufatteleg mykje vanskelig stoff som eg rett og slett ikkje forstår. Eg har stressa så mykje og lest og fundert at eg har vore kvalm og dårleg. I dag måtte eg ta pause. Så eg drog til Ulsteinvik for å møte Sigrid når ho hadde pause. Eg kjøpte også litt julepynt og raude lysestakar til kjellarstua, så no er stemninga på plass. Gler meg til eg får rydde vekk alle bøkene og ta skikkeleg ferie om 9 dagar. :)




(Beklager dårlige photobooth-bilder. men BRY! :D)

(Set på Weezer - if you're wondering...... songen høgt, å ta ei pause frå eksamen!)

tysdag, desember 08, 2009

8. desember

I dag har eg ein dårleg dag.
Så i staden for å syte om den her, legg eg ut bilder av fine ting.
Og så ønskar eg meg fine ord.