søndag, desember 06, 2009

6. desember

I dag har eg selgt rømegraut med spekemat, gløgg og bløtkaker på Ishavsmuséet. Der var det nemlig førjulssøndag. Og det var, slik det brukar å ver, veldig koseleg. Til og med julenissen glimta til og delte ut små posar med mandarinar og snop til alle borna. Etter denne festlege hendinga, bar det vidare til ei anna festleg hending, nemlig familieselskap med Christian og Lena. Det var også veldig koseleg! Etter dette var eg og Sigrid på kino, der vi såg New Moon. Dette var 2. gong eg såg den, og den skuffa ikkje no helder. Sigrid har alltid vore ein fan av Jacob, og kom med følgande utsagn etter kinoen: "ej skal SO starte ei facebook-gruppe for Team Jacob!!". (Trur forresten at dette forslaget ikkje var så seriøst meint.) Eg kunne forsikre henne om at ei slik gruppe allereide eksisterte. Minst ei. Eg for min del, held meg til Edward. Sjølv om Jacob var litt av ein fristar i denne filmen. (Arne: shut it.)
No skal eg bruke resten av kvelden på å kose meg med ymse testar innanfor mikrobiologi og anatomi. Eksamen er om fem dagar, og eg GLER MEG! Hade!

VS.

Kva lag er du på?

4 kommentarer:

Maria sa...

Jeg er på Team Anna!

Ingunn sa...

Definitivt Edward. Han andre seg ut som om han går på videregående syns jeg! :P

Arne sa...

Eg får ikkje kommentere...

Anonym sa...

http://www.youtube.com/watch?v=1bXeQ7baYEE