torsdag, desember 10, 2009

10. desember

Om å vere medlem i Amnesty:

For eit par år sidan starta SMS-kampanja til Amnesty International. Eg tenkte at dette var jo ein veldig enkel måte å støtte ei god sak på. Så eg melde meg inn, og fekk Sigrid også med meg. Det inneberer at du får ei tekstmelding ein gong i veka (eller annakvar veke, litt usikker der altso) der det står om ein person som er trua, under tortur, på vei til å bli hengt, eller andre fæle ting. Og ved å skrive navnet ditt som svar, er du med på ein appell for å få stoppa dette. Ein gong fekk eg faktisk eit brev i posten om at eg hadde vore med på å sette fri ein mann! Men eg skal ærleg innrømme at det er ofte eg slettar meldinga utan å gjere noke meir med det. Trur det kostar ca 5 kr for kvar gong du mottekk ei slik melding, så du støttar uansett om du svarar eller ikkje.
Ein sjeldan gong grip engasjementet meg, og eg føler meg som ein menneskerettbekjempar når eg sendre inn appell.

I går var eg ein slik tøff bekjempar.

Meldinga gjekk ut på at Amnesty og meg skulle be president Obama om å stoppe tortur og stenge Guantanamo.
Dette hørtes jo flott ut. Eg sendte melding. Ansiktsuttrykket mitt skulle vore filma då eg fekk svaret i ei ny melding ca 30 sekund etterpå. Slik laud meldinga:

"Tusen takk for din deltagelse! Din underskrift fakses til statsministerens kontor under Obamas møte med Stoltenberg torsdag."

Eg såg for meg at midt under ein viktig samtale mellom desse to, skulle ein faks brått begynde å bråke og printe ut ei ark der eg, Anna Josefin Jønsson frå vesle Hareid, ba verdens mektigaste mann om å stoppe all tortur i verda.
Ingen skal nokon gong få sei at eg ikkje kjempar for mine medmennesker altso.
Heilt tilfeldig slo eg på NRK1 akkurat i det presidenten og statsministeren gjorde seg klar til å starte møte på statsministerens kontor. Men så fekk dei ikkje filme lenger. Eg må for alltid leve i uvissheit om korleis desse to reagerte då faksmaskina tok til å bråke.

(Eksamen i morgon, wish me luck!)

3 kommentarer:

Maria sa...

Hahaha, for en flott aktivist du er, Anna! Reine Kvellestad :D

Maria sa...

(Lykke til i morra, kjære!)

Anna Josefin sa...

takk for det, eders galle! :D