måndag, oktober 24, 2011

Impossible soul

Av og til kan heile hjertet og magen og haudet og kroppen vere så full av små kriblande prikkar, eller altfor mange tankar, eller andre følelsar ein ikkje heilt klarer å sette ord på. Og nokre gongar kan det berre vere heilt tomt. Og av og til er det lov å vere litt emo på den gode måten, når det verker i hjertet og det gjer litt godt. For då er det aller best å sette på musikk som seier "ja, eg veit at det gjer vondt, og det er lov å like smerta du kjenner no", skru opp lyden og legge seg ned litt. Av og til må ein berre grine det ut, eller kanskje danse det ut på vei til badet eller berre sove det vekk. Difor har eg laga til ei felles speleliste til oss, som du kan legge til songar på. Slike songar som du høyrer på når du har det slik, så kan vi dele litt på smerta. Fint?
Gå inn HER og legg den til. For alle har umulige følelsar no og då. Enten har ein ein dag som er heilt svart, eller kanskje er du ulykkeleg forelska eller berre syns verda er heilt umulig for tida. Eg syns i allefall at det må vere lov å sei at livet ikkje alltid er perfekt. Men det hjelp litt når ein gir seg sjølv lov til å kjenne på smerta.
Så sett på Impossible soul.

seems i got it wrong, i was chasing after something that was gone
to the black of night, now i know it's not what i wanted at all
and you said something like, "all you want is all the world for yourself"
but all i want is the perfect love
though i know it's small, i want love for us all


Photobucket

Photobucket

Photobucket

Og forresten så kan du gå inn her å sjå ein fin musikkvideo.

1 kommentar:

Birte sa...

:)