tysdag, september 27, 2011

Ein tirsdag som fortjenar eit hjerte

Når det kriblar litt i heile kroppen, det er varmt ute for å vere haust, og det er sol og regn samtidig. Ein har verdas finaste hund som ein kan springe om kapp med, og når ein smilar, smilar ein heilt inn i hjertet og ikkje berre på overflata. Slik eg gjer i dag, på denne siste tirsdagen i september.

how do you make gifs


Photobucket

Og på ein slik dag har eg laga ei speleliste som ein kan høyre på om ein er glad og forelska, trist, lei eller treng å danse heilt åleine utan at nokon ser på. (Her kan du høyre på hjertelista.) For det er ikkje alltid det skal meir til for at ein grå kvardag kan verte ein fin og morsom dag. Eg likar å nyte dei små tinga, og prøvar å gå inn for å verte ein livsnytar. For eg veit at ein god dag ikkje kjem for gitt, og eg har vorte flinkare til å sette pris på små gleder. Om det er å leike med hunden, høyre på songar som får deg til å smile, koke seg ein kopp té på dagtid, eller gå på butikken for å kjøpe seg iskrem frå Ben&Jerrys. Alle kan bli flinkare til å nyte dei små tinga i kvardagen. For ein får jo ikkje fleire sjansar til å leve livet om igjen, det er dette livet du har fått. Så sjølvom dagar kan vere mørke og triste, fins det alltid små ting som kan gjer det litt lysare og bedre. Det skal ikkje så mykje til. At han smilar til deg eller at kryssordet endelig går opp, og kanskje kan ein slå av alle lydar og berre nyte stillheita mens ein ligg å ser i taket og drøymer seg vekk.

Photobucket

Photobucket

3 kommentarer:

Karoline sa...

WORD!
Ej savna dej Anna! <3

Birte sa...

Kjekt at du he hatt en god dag :D

di Jorunn sa...

ditte kan ej like! :D