måndag, september 19, 2011
What a place to think things through.
Okej, da. Eg veit eg ikkje har blogga sidan juli, men no er eg her. Trur eg. Har ikkje hatt verken inspo eller lyst, men no kjenner eg at tida er komen for litt meir blogging. Eg kjenner at hausten er komen og lufta har blitt skarp og kald, og stjernene har komt opp på himmelen og månen skin ned på fjorden. Blada har blitt gule og oransje og det er haust. Det er så fint ute no. Spesielt når det fortsatt kan kome varme soldagar no og då, og ein kan for eksempel høyre på Jonas Alaska og kjenne at det kriblar pittelitt i hjertet og i heile kroppen. For haust betyr ny start og liv og kalde, mørke kveldar med varm té, og eg kjenner at det er godt.
Ellers har eg starta på årets største oppussingsprosjekt, og om ikkje lenge skal eg flytte inn i "ny", eiga leiligheit. Har mala ei stue, og held på med kjøkkenet. Så skal den andre stua malast. Superstas å velge ut fargar og bestemme og innreie heilt på eiga hand, det blir heilt perfekt! Stua har blitt grå, og kjøkkenet blir ein dus mintgrøn farge. So stay tuned, partypeople. Det kjem nok meir om dette her. I mens kan du sjekke ut den fine grå stua mi:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
10 kommentarer:
Åhh, kor kjekt at du blogga igjen! :)
Kar du skal flytte? Spennande med oppussing. Sei frå viss du trenge hjelp ;)
Flinke du e! :D Leiliheita verte nok kjempefin! ;)
Fintfintfint!
Hurra!! Og supernais med grå stue! ;) gler mej til å sjå! Love
Takktakktakk!!! :)
Dagny, ej skal flytte ned i strandgata bære :) På fotobutikken!
Klar for dugnad!!
Wow, det var ein stilig farge på stova! Kult med litt tøff farge, når "alt" i verda er så kvitt;)
Åååh! Genialt, det e no ikkje "bære" det :D
Jippi, bloggpost! Og så sykt fint det var med grå vegger! :D
Endelig! :)
Legg inn en kommentar