måndag, desember 12, 2011

12. desember

Takk gud for Radioresepsjonen på podcast, fint julepapir og silkeband, ei strikkekorg full av tråd, fyr på peisen, ein søvnig hund og ein bakarovn. I dag har eg laga brente peanøtter, og dei vart kjempegode! Her kjem oppskrifta (takk, Maria!):
(Eg kan nemne at eg fekk oppskrifta då eg var halvvegs i kokinga, så eg tok den litt på en slump.)

♥ ein pakke melis
♥ ein dl vatn
♥500 g peanøtter

Kok på middels varme slik at det ikkje svir seg, og rør heile tida.

♥ bland melis og vatn i ei panne og lag glasur. Bland i peanøtter, og kok heile greia til all væske har fordampa. Når vatnet er vekke, blir det eit kvitt lag på peanøttene, og det kan nesten sjå ut som eit slags mjøl. Slik såg det ut med meg:

Photobucket

♥ etterkvart vil dette kvite laget smelte (det tok litt tid med meg), og då blir det til brun karamelle! Når alt er smelta og brunt, kan du smøre det utover eit bakepapir til avkjøling. Smør det så tynt du greier, og det må du gjer fort fordi det stivnar lynraskt! Når det er kaldt so knekker du det opp til passeleg små bitar, og har det i ei fin krukke eller eit sylteglas.

Photobucket

Photobucket

Photobucket

Photobucket

2 kommentarer:

Birte sa...

Stili! Gler mej til å smake!! :)

Anna Josefin Jønsson sa...

Ja, dei blei kjempegoe :):) Kom når du vil!