måndag, september 25, 2006

Terrorangrep på fergene på Hareid!!








I dag vakna eg til ei melding frå Kaja Christine i Bergen, at ho hadde høyrt om Hareid på nyhenda. Eg forstod NULL, og jatta med. Når eg kom på MF var det fleire som kommenterte at dei hadde sett Hareid på nyhenda, og du kan sjølv tenke deg at eg, Hareids ambassadør i Oslo, blei mildt sagt overraska over dette fokuset som brått hadde havna på bygda mi. I forferdelse gjekk eg inn på vg.no, og kva møtte meg der? Jo; Melshorn-ferga på Hareid-Sulesund sambandet, hadde køyrt rett inni moloen på høgre side mot indre-hareid. WHAT?! gjekk gjennom haudet mitt, og eg var svært forvirra. Korleis kan kapteinen bomme på den store åpninga mellom moloane? Er det snakk om terrorisme på øya? Ferga stod i allfall bom fast inni moloen, sjølv ikkje ein stor båt kunne drage ho ut. I nesten 24 timar stod ferga fast i moloen, som hadde rast sammen som Sodomas fall og skubba brygga innover mot land. For ein tilstand. No er det berre stakkars Vardehorn som seglar over fjorden, og det er klart at det skapar komplikasjonar for innbyggarane på Hareidlandet. Heldigvis berre 5 dagar til eg skal heim ein tur.

Ingen kommentarer: