torsdag, september 21, 2006
Anna and the city
Slottet i haustsola
Eg er nesten usynlig i storbyen
Skona mine om hausten
Haust i slottsparken
Urbane Ingunn
Trøtte-Anna har fått sjokomelk.
Ja. I dag er det torsdag i oslo, og eg har vore kjempetrøtt. Eg sa til Ingunn i dag tidleg: Kvifor er du so våken? Og seinare på dagen uttalte ho "Je har aldri sett deg så trøtt før tror jeg". Og det seier vel litt. Ein mann delte ut sjokolademelk på majorstua stasjon, og det gjorde virkeleg susen! Eg kom heim, og rakk å sove i 40 minutt før eg drog inn til byen igjen. Haust i oslo, og når eg gjekk gjennom slottsparken, dalte blad frå trena og ned på bakken. Ein gammal mann med hatt sat på plenen, og gardistane marsjerte rundt. Var på Haustutstillinga på Kunstnernes Hus saman med Maria og Vegard. Mykje rar og noko fin kunst. Møtte kunstar-karianne i byen, og i skrivande stund sitt ho og Maria og malar på golvet i bråten. Når eg gjekk ned gatene på karl johan, lukta det skikkelig storby, og eg kjende at det ikkje
hadde vore feil å vår på Hareid no. Savnar folka mine heime, og gler meg til eg tek turen dit! Men oslo er svært bra altso.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar