søndag, september 24, 2006

Heile verda er ein musikal!

I natt har eg overnatta med Karianne Aarmo i Gina Krogs vei 16. Der syns eg det er svært kos å tilbringe tid, det er alltid inkludert MacBook, latter, Frustøl og alt ho er, tomt kjøleskap, dusj med oppriven handduk og anna generell kos. Denne gongen var ikkje noko unntak. Karianne fekk krampe i leggen i natt, eg sov kjempegodt, vi hørte på still my body aches og Frustøl hosta. Livet er i slike stunder morsomt. :)
Vi var i storsalen, og det var som vanleg ein bra stad å vere. Lovsong, kos, og dansing bakerst. :) Etterpå spiste vi kebab. Alt var som det tilseier ein heilt vanleg søndag i oslo! Då vi gjekk frå Vegard, leika vi som om livet var ein musikal, og vi gjekk midt i gata å song høgt. Då vi gjekk gjennom slottsparken var det ein grease-medley som stod på programmet. Når vi sat på bussen song vi kjempehøgt, det var kun vi (Bråten + Karianne) og ein passasjer til, og brått tok bussjåføren å song i mikrofonen! Det var søren meg toppen på kransekaka, for å seie det mildt! Vi lo og lo, og heldt fram med synginga. Av og til er det godt å tenke at livet er ein musikal, med både dur og moll. Av og til har eg berre lyst til å leve i ein Mew-song. Let me in through the sealing, white lips kissed.

Ingen kommentarer: