måndag, oktober 02, 2006

Blomster i glas og fersk gjærbakst i et hjerte.

Eg elskar når musikken du høyrer på er akkurat passe høgt på, så det føles ut som om songen er soundtracket i livet ditt. Dette har eg tenkt ofte på i det siste, og då må eg smile litt for meg sjøl. Ser for meg at livet mitt er ein einaste long film med meg i hovudrolla. Men det var ikkje det dette innlegget skulle handle om.
Dette skulle handle om morskjærleik og eit morsomt vennskap.

I dag sa eg til mamma at eg trengte litt heimelaga gjærbakst. Og sidan eg no har vorte fattig student som lev på lusne kjøpebrød, sa mamma seg enig i denne idèen. Ho sette ei kjempestor bolledeig, som resulterte i eit brannsår på tommelen min, monge rykande varme bollar, og ei glede i yngste dottera sitt hjerte. Varme bollar med skinkeost. Det beste i verda. Slik er det, ingenting kan måle seg med mamma sin mat!





Mi kjære Karoline kom etterkvart. Eg dreiv med oppgåva mi. Ho kom og plaga meg, stod bak meg og sa "kan ikkje vi lage til kvarandre på håret??", eg skubba ho vekk, ho gjekk og la seg på sofaen og flira høgt. Eg forstod fort at dette ikkje var holdbart i lengda, og at vi trengte å lufte oss litt begge to. Dermed tok vi bilen og kjørte ned til Prixen. Vi bestemte på førehand for å kjøpe noko som vi aldri elles kjøper. Dette viste seg å vere vanskligare enn fyrst antatt. For kvar ting vi hadde lyst på, fann vi ut at det er jo slike ting vi alltid kjøper, som til dømes sjokomelk. Vi gjekk lenge og kjika, heilt til augene fall på eit glas med ei rose oppi. Vi lo lenge av denne tilsynelatande og meiningslause tingen å selge på Prix gule priser, og fann ut at dette var ein god kandidat til kjøpe-prosjektet vårt. Heilt til vi såg prisen: 198 kr. For eit glas med ei rose i. Nei, hon tutte, det var uaktuelt. Dermed enda vi opp med kvar sin istè/iskaffi, som vi alltid gjer. Visse ting treng det ikkje å endrast på. Eg trur ikkje glas-rosa hadde gjort kvardagen bedre akkurat. Det har vi golfen, musikken, råninga og kosen til. I allfall på Hareid. :) Vi kjørte til Brandal berre for å høyre walk idiot walk kjempehøgt, for so og snu og kjøyre heim. Heime venta nemleg bollane, jentebladet og tv'en. Hareid for alltid.







Karoline. Plagsom og søt.

Ingen kommentarer: