laurdag, oktober 07, 2006

Skopunktet, HMK Garde og Den rosa dagen.

Som overskrifta tilseier, har det vore ein innhaldsrik dag i hovudstaden. Kom tilbake til oslo i dag tidleg, etter ei meir eller mindre underhaldande natt på nattbussen frå Hareid. Med meg hadde eg Kristin og Karoline, som er på besøk hjå meg i helga! Når vi kom fram la vi oss og sov litt, så var jentene rimeleg klare for ein bydag. Fyrste stopp: slottet. Garde-bussen hadde akkurat ankomt, ei ny tropp med gardistar stod klar, og vi naut synet av x-antal "stramme" karar i uniform. Hehe.. Etter ein fotosession, stod Karl Johan for våre føter. I dag er det den rosa dagen, der kvinner over heile verda er med å fremje kampanja mot brystkreft. På Karl Johan var det satt opp ei scene der Trine Rein og ei dame frå Beat for Beat song, Henriette Lien var konferansier, og Idol-Jorun hengte opp bh'en sin. Mykje folk, Karoline på jakt etter kjendisar, TV-opptak og rosa stemning!



3 hareidsdølingar klare for å innta hovudstaden.


Kristin og Karoline fann mannen i deira liv!


Henriette Lien og den rosa dagen.


Skopunktet slo til med 3 for 2-tilbud, som resulterte i kvar sitt skopar, type fora basketsko! :) Ellers vart det mykje handling både på den eine og den andre, og vi kom sletne heim til Frantzebråten i 18-tida.

No er det pizza i ovnen, på med nykjøpte pysj-bukser, snop, te-lys, Ameliè og kos.
Livet er godt med venar på besøk. :)



Karoline og Kristin i Frantzebråten. :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Ååå! Kor kosli! Ser ut som om dokke hadde en veldi bra dag! Besøk av dobbel-K, ikkje verst. De fæ fresten ej mæ no på torsdag, men då e de snakk om en anna dobbel-K, som i mine nære blodsband. Gler mej! :D

Ha ei go veke AnnaJ!