Hausten har so longt vore fin. Den brukar som regel å vere det. Eg kan kjenne hjertet mitt banke litt ekstra for tida. Eg merkar at eg smilar for meg sjølv. Ingen kan nokon gong kjenne korleis eg har det inni meg. Eg gidd ikkje å prøve og beskrive det ein gong. Det er godt å ha det godt for seg sjølv også, det er ikkje alt ein treng å dele!
Sjekk denne koslege filmen! Hadde det berre vore fleire slike i verda...:)
"Smoooooooth 100% naturlig! Det ekje kødd engong!"
Sa Tore til meg. Han har fått seg smoothie-maskin, og i går kveld var eg fram på besøk. Vidunderet av ei maskin står og prydar kjøkenbenken, og eg fekk ein grundig demonstrasjon av herligheita. Tore kan sakene sine, smoothie blei det, og den blei nyyyydelig! :) Type jordbær/bringebær. Mmmmm...Ellers såg vi Will & Grace, spiste rundstykker, hørte på musikk og sat i vinterhagen, og spelte piano og song. Tore er ein god kar.
Meg, Tore og smooooooothiane:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar