torsdag, desember 09, 2010

9. desember

Oppskrift på ein fin morgon

Du treng:
nokre minutt ekstra
gode, varme, tjukke ullsokkar
eit teppe
den finaste krusa du har
ein god té, til dømes Twinings Voyage med kokos, vanilje og kakaosmak
fin musikk
takknemligheit i hjartet
og ein plan.

Eg likar å ha god tid om morgonen. Eg må kunne sette meg ned til frokosten og slappe av litt før dagen startar. Den dagen eg hadde anatomieksamen i desember i fjor, stod eg opp ein halvtime før eg vanlegvis brukar. Eg kokte meg té, og tok meg god tid til å nyte frukosten. Slik var eg avslappa (så mykje som ein kan bli før ein slik eksamen) og klar for dagen.
Sjølv om eg likar å sove lenge, likar eg like godt å stå opp litt tidlegare når eg fyrst må opp tidleg.

I skrivande stund sit eg med pysjen på, under teppe, drikk té og høyrer julemusikk. Eg er takknemlig for at eg slepp eksamensmas. Eg er takknemleg for at eg har mine nærmaste rundt meg, og ingen er alvorleg sjuke. Eg er takknemlig for at eg kan styre dagen min heilt sjølv. Eg er takknemlig for at eg klarer å stå opp og gjere noko i dag. For andre dagar orkar eg ikkje å ta av meg dyna ein gong, orkar ikkje tanken på å stå opp.
Det hjelp av og til å ha ein plan. Noko å stå opp for. I dag skal eg ein tur på bokhandlaren, så skal eg pakke inn julegåver, og sy litt til meg sjølv. Då er eg fornøgd. Ein må kunne vere fornøgd med at ein klarer å gjennomføre slike små ting, og ein må huske å ta vare på dei til dei dårlege dagane kjem. I staden for å vere skuffa over at ein ikkje klarer så mykje.
Eg har laga meg ein inspirasjonsperm der eg har skrive ned fine ting, klipt ut frå blad og tegna litt, og den kan eg bla i når dagen er grå. Og tenke på at det har vore, og at det kjem lysare tider.

Så kok deg ei krus med varm, god té, og nyt morgonen. Ver takknemlig i hjartet ditt.
Og ha ein fin dag!

Photobucket
Photobucket

2 kommentarer:

Birte sa...

deili morgen du he hatt da :D

Maria sa...

Smask! :D