torsdag, desember 23, 2010

23. desember

Dagen før dagen! Håper alle har ei fin veslejuleaften, og at det er fint og fredeleg i heimen. Det er vel ingen vits i å stresse no, no skal ein berre pynte juletre, spise snop og kaker, og gle seg til i morgon.
Her kjem ei veslejuleaftenliste.

Photobucket

min bestevenn er ikkje berre ein person, men fleire fine mennesker som eg er veldig glad i.

når eg pussar tenna gjer eg det helst åleine, og grundig. Med fluortablett etterpå.

eg er (litt) redd for at nokon i familia mi eller nokon av vennane mine skal få ein alvorleg sjukdom. Så er eg livandes redd for edderkoppar.

den verste følelsen er likegyldigheit og fortvilelse.

den beste følelsen er når du høyrer en skikkeleg bra song som beskriv alt.

eg er best på å gi kjærleik til dei eg er glad i.

eg er dårligast på å vere tålmodig.

eg hører på julemusikk for øyeblikket. Men også mi nye speleliste, heart skipped a beat.

eg likar følelsen av reint sengetøy, knekkebrød med godt pålegg og å strikke.

kjærleik er godt, fint og vondt.

i sommar var eg i bryllup til besteveninda mi.

sist eg grein var i går.

når eg vil tenke høyrer eg på musikk. Men no for tida vil eg helst ikkje tenke i det heile tatt.

Photobucket

når eg bakar kosar eg meg.

akkurat no tenker eg på at eg skal til å pynte juletreet. Og på kva eg skal strikke på i jula.

i dag har eg spist grandis til middag, rydda og vaska rommet mitt, skifta på senga mi, sett tre episodar med sex and the city og fått ei julegåve i posten. (Takk Ingunn!)

Photobucket

i kveld skal eg sjå Home Alone på tv2.

i morgon kjem eg til å ta på meg min nye, fine kjole og ha det fint i lag med familia.

min mobiltelefon er eg veldig glad i! Min nokia e71 er perfekt.

når eg våknar om morgenen må eg psyke meg opp til å stå opp. Så spring eg gjennom den kalde gangen ut på det varme badet.

dersom eg var et dyr ville eg vore ei stor kanin som var lat og som fikk mykje kos.

Photobucket

2 kommentarer:

Maria sa...

Mini-liste til deg:

Akkurat nå: Jeg sitter på den stasjonære dataen vår på kontoret mens søstrene strikker og mannen driver på data i stua.

Siste låt jeg hørte: Bigbang - Sing And Dance

Det siste jeg fikk i posten: Brev fra DEG <3

Ute: Det er tjue minus, KALDT! (Tjuesju minus natt til i går.)

Gleder meg mest til i morra: Å legge meg, ved sida av Arne

Ingunn Ekern sa...

FIN LISTE, FIN JENTE :)