I går, fyrste desember, var fyrste gong eg slengte frå meg arbeidet, slo av symaskina og gjekk ut på badet. Eg gav opp, og var fast bestemt på at eg aldri skulle sy eller strikke noko meir i mitt liv. Eg drog ut kontakta på maskina, og plutseleg gjekk heile julegåveplanen i vasken. Eg gjekk og la meg, og eg sovna sur og lei mens eg forbanna alt som heitte symaskiner og stoff og strikkepinnar. Grunnen til denne plutselege fortvilelsen, var at tråden i symaskina hoppa ut, og same kor mykje eg prøvde, greidde eg ikkje å fikse det slik det vart rett. Mamma var ikkje heime så ho kunne ikkje hjelpe meg, eg var rett og slett dritlei, sur og hjelpelaus.
Heldigvis kjem det alltid ein ny dag.
Uansett kor mørkt og svart alt saman er, kan ein ikkje stoppe tida. Dagane vil alltid kome. Og med den nye dagen kjem også nytt mot. Då eg stod opp i dag tidleg, hadde eg skikkeleg lyst å fortsette produksjonen. Eg prøvde, fekk det til, og vart skikkeleg fornøgd med resultatet.
Det kjem alltid ein ny dag. Ein ny sjans.
Livet er skikkeleg kjipt inn i mellom. Av og til må ein kjempe som berre fy.
Men det kjem ALLTID ein ny dag.

2 kommentarer:
Bursdagsgaven min frå deg va tidenes!
Jippi!
Legg inn en kommentar