onsdag, desember 15, 2010

15. desember

Om å ha bestevennar som bur langt vekke.

Å gå på folkehøgskule er det beste eg har gjort. Men det er ein ting med det som er skikkeleg kjipt. Du får deg mange bestevennar som kjem frå heile landet, og det er fysisk umulig å vere saman med alle til dagleg. Og då kjem saknet. Eg er på Hareid, ei er i Danmark og ei er i Oslo. Ein er i Japan, og nokre er i Bergen og andre igjen i Oslo.

Omtrent ein gong i veka når eg skal til akupunkturtime, tek eg heisa opp sjølvom det berre er ei etasje. Fordi den heisa er heilt lik den heisa som er i Linstows gate i Oslo. Eg står stille i heisa og let att augene, og huskar alt som har skjedd i den heisa i den blokka i Oslo.

Med jamne mellomrom må eg sjå alle filmane som eg filma med eit dårleg mobilkamera i leiligheita i Oslo. Karianne som ligg innepakka i eit teppe på senga mi og skal sove over. Eller Ingunn som vaska badet. Eller Maria som sit på golvet og malar. Eller Karianne som diktar opp dyredansen.

Eg saknar dokke.

Photobucket
Photobucket
Photobucket

4 kommentarer:

maria sa...

JEG SAVNER DEG SÅ MASSE!!!!!!!!!!!!!!! Vondt i hjertet.

karianne sa...

hjerte hjerte <3 gleder så meg ekstremt til å besøke :D

Anna Josefin sa...

Kom hit begge to for evig og alltid!!!!!!!!!!!!!!!!!

Ingunn Ekern sa...

Savner deg og :( : (