onsdag, oktober 29, 2008

It's official!

Då eg vakna ombord i nattbussen på fergekaia på folkestad, trudde eg ikkje mine eigne auge. Snøv. Snøv?! For ein brå overgong i frå den milde hausten. Brått var vinteren komen. Minusgrader og frost. Og snøv. Herlighet. MEN! Sjølvom eg til vanleg ikkje er så stor fan av vinteren, tek eg meg sjølv i å tenke akkorat no at det ikkje er så gale med vinter. Så i staden for å deppe over kulden, gler eg meg over ei rekke andre positive ting:

- eg bur heime i eit varmt hus med ei snill mamma som fyrer i peisen (og som har strikka ny  gensar til meg!!)
- eg slepp å bekymre meg over eksamenar og andre innleveringar
- eg har ny lysekrune frå ikea
- eg får vere med på alle juleforberedingar
- eg har mykje å gle meg til

Før eg sette meg ombord i nattbussen, var eg i Oslo. Fem dagar i lag med gjengen. Eg kan nemne fleire turar i bogstadveien, sushi, aker brygge, bursdagsselskap, tre-stemt synging, tur til ikea, dizemba-christmaz og bildeframsyning frå japan-turen. Med andre ord fem dagar med kos. I love you :) 

4 kommentarer:

Ingunn sa...

ååååååååååååååå


KOSE!!!!!!!

Maria sa...

dizamba
dizamba krizmaz

Anonym sa...

Karianne går som en Zombie

Ingunn sa...

Too much of nothing is bad in love.