søndag, januar 29, 2012

Weightless



Då eg var lita jente, var eg kjempefascinert av stjernene på himmelen og alle planetane og alt som foregår så langt vekke frå oss, heile universet. Eg var fast lesar av Illustrert Vitenskap, og det er faktisk ikkje så lenge sidan eg kjøpte det bladet. No, 15 år etter, blir eg akkurat like lamslått av ei stjerneklar natt, og alt som skjer og svevar så utenkelig langt vekke. Det er stort og vanskelig, men veldig fint å tenke på at når ein ser opp på månen, så ser kanskje ei lita jente på 10 år på andre sida av jorda opp på den samme månen. Og når du ser opp på alle stjernene, så er det ingenting mellom deg og universet, ingenting som hindrar deg i å fare så høgt opp du berre vil. Det er dine stjerner, du eig dei like mykje som meg. Då eg var lita jente, ville eg bli astronaut. Eg ville sjå jorda utanfrå, som ein måne. Eg ville vere vektlaus. Det står fortsatt den dag i dag på drøymelista mi. Å vere vektlaus.

No, i dag, og alle dagar som har komt og gått, har eg levd i mi eiga verd. Det kjennes i allefall slik ut. Ei verd der tida står heilt stille, mens dagane går likevel. Det har stoppa opp, ting som gjorde meg til meg, dei har nokon røva frå meg. Men kanskje handlar det ikkje om det. Skal ein kome seg opp igjen når ein har ramla ned, ja då må ein ha ein ting, eit håp, ein draum, eit menneske som dreg ein opp, som støttar deg så du kjem deg på beina igjen. Av og til er det nok å bake litt, av og til er det best å sette på ein film. Men av og til må ein høyre frå eit menneske at du betyr noke. At alt ikkje er forgjeves, at alt ikkje er meiningslaust, sjølvom det kjennes slik ut. Og av og til kan det vere komplett umulig å sjå logikken i det heile, av og til er det så ufatteleg urettferdig at du skal vere sjuk og ha det slik, så svart i hjertet ditt. Og så plutseleg ser du ein dritbra film, eller plutseleg kjem det ein song på spotifylista di som sei akkurat det du treng å høyre. Og etterkvart bleiknar alt det svarte, og lyset blir litt sterkare inni deg. Du kan drøyme igjen. Drøyme om å vere vektlaus. Og kanskje får eg det ønsket mitt oppfylt. Kanskje ikkje i verdensrommet, men i hjertet. Tenk å vere vektlaus i hjertet, i staden for dei mørke dagane der ein ikkje klarer å stå opprøyst ein gong. Å kjenne vinden i håret på ein mild kveld, å halde nokon i handa, å late att augene og drøyme om ting som kjem. For kanskje handlar det ikkje om å fikse noke som har stoppa opp. Kanskje handlar det om å starte på nytt, starte på noke bedre. Å kjenne at alt som tynger deg gir slepp. Å bli vektlaus.

the sky is the limit, and i just wanna flow
free as a spirit on a journey of hope
cut the strings and let me go
i'm weightless, i'm weightless


Photobucket

Photobucket

Photobucket

6 kommentarer:

Julia sa...

<3 fortsett å skriv :) Det e nydelig! Ønska dej en deilig dag Anna:-*

Anonym sa...

:)

Kristin sa...

<3 <3

Maria sa...

Savner deg så veldig om dagen, jeg Anna! Plutselig er jeg på Hareid :)

kim ;) sa...

Herlig Josefin :)!!

Karoline sa...

kan ikkje du skrive bok Anna?!? :)