torsdag, juni 11, 2009

Update!

Beklager eit lite blogg-opphald her, men det er mykje som skjer for tida!
På tirsdag 2. juni blei eg tante til den nydeligaste jenta som fins, ei lita Pocahontas! Så på fredag var vi på besøk på sjukehuset. Ho er så lita! Hadde gløymt kor små babyar er..:)
Det er også hektisk på ten sing, med siste innspurt til musikalen. I helga hadde vi mellom anna øvingshelg med ten sing, samtidig som det var åpning av vernebygget på Ishavsmuséet, OG jobbehelg. Puh. Eg rakk alt, men det vart hektisk, og eg var trøytt som ei fele søndags kvelden. Mandags kvelden kom lisjepia og foreldra heim igjen, i går var det 4 timars øving med ten sing, i kveld er det konsert med Tone Damli Aaberge (alle i ten sing fekk gratisbillettar), og i morgon er framsyning av musikalen!
Men før på dagen skal eg i gravferd. Ein klassekamerat var involvert i ei trafikkulykke, og omkom etter nokre veker i koma. Så det vert reunion med klassa i morgon, i staden for 10års konfirmanttreffet som er om eit par år. Heilt feil rekkefølge!!
Det er heilt feil at vi skal møtast igjen for å vere med i gravferda til ein som skulle vore i lag med oss i gjensynsgleda.
Men slik er livet, har eg skjønt. Ein veit ikkje langt fram i tid, når ulykker skjer heile tida, like brått kvar gong.
Det gjeld å glede seg over dei små tinga i kvardagen, og sette pris på dei ein er glad i! :)

No skal eg ein tur saman med Karoline, så til slutt slenger eg med ymse bilder!

Lisjemora


















Dissa søtaste













Ho aller beste














Eg er stolt over ishavsblodet i årene mine på ein dag som denne!


5 kommentarer:

Jorunn sa...

endelig oppdatering!! :D guri.. d såg jammen ut t å vere ei lita pocahontas ja!

e d akkorat blitt tak over årvak?

Anna Josefin sa...

jaa, ho ser litt utenlandsk ut :P hehe..

d e bygd vernehus, veldig flott "glas"hus over, he vel holdt på sia i fjor sommar, so i helga va d storslått åpning!! d va stas!!

Jorunn sa...

hehe, ja ho gjor d.. men ser no at ho he Landmark i sej..;)

d kan ej skjøne va stas ja! gler mej t sommarferie på Hareid!! 3 veke jenn å jobbe no, so e d ferie :)

Jorunn sa...

Forresten: Lykke til me ten sing collage/musikal ikveld! d blir sikkert kjempebra (as always)..

Anna Josefin sa...

hehe.. tusen takk, tru det blir bra ja! ;)
ej mæ gle mej til du skal ha sommarferie på hareid.. :)